
Klagar på milliongebyr
Sparebank 1 Østlandet klagar på Finanstilsynets kvitvaskingsgebyr på 30 millionar kroner. Samla har tilsynet dei siste fem åra ilagt finansnæringa 800 millionar kroner i overtredelsesgebyr.
Klagen frå Sparebank 1 Østlandet er til handsaming i Finanstilsynsklagenemnda. Det vil kunne gå vinter og kanskje vår før den omfattanda saka er ferdig handsama av klagenemnda i Bergen.
– Feil i fakta
– Vi meiner det framleis er feil i faktagrunnlaget og lovforståelsen frå Finanstilsynet si side. Vi meiner det ikkje er grunnlag for gebyr, og at vi har godt dokumentert kvifor, sier Bjørnar Mickelson, kommunikasjonssjef i Sparebank 1 Østlandet.
– Kva ventar de kjem ut av klagesaka?
– Vi ser fram til at klagesaka er ferdig handsama og vi har stor tillit til at Finanstilsynsklagenemda gjer ei grundig vurdering av forholda vi greier ut om i vår klage.
Om hovudpunkta i klagen seier Mickelson:
– Vi er usamde i Finanstilsynet sine vurderingar knytt til deler av rapporten. Det gjeld både faktagrunnlaget, skjønnsvurdering og lovforståelse. Banken har engasjert advokatfirmaet Selmer til å bistå i saka for klagenemda.
Kan passera fire år
For tre og eit halvt år sidan sette tilsynet i gang granskinga av korleis banken med hovudkontor på Hamar etterlever kvitvaskingsregelverket (AML). Det tok to år før det kom ein førebels rapport, og nesten tre år før den endelege rapporten med vedtak om overtredelsesgebyr på 30 millionar kroner låg føre i mars i år.
Juridisk rådgjevar Sigrid Vada Grønlie i Finanstilsynsklagenemnda opplyser til Finansfokus at klagesaka vart registrert innkomen i byrjinga av oktober, og at det er ei omfattande sak å handsame. Difor vil det ikkje føreligge nokon konklusjon på denne sida av nyttår, og det vil nok gå eit stykke utpå vinteren før nemnda er klar med eit vedtak.
Med andre ord vil det då nærme seg fire år sidan Finanstilsynet starta saka. Tilsynet har levert tilsvar til nemde klage. Finanstilsynsklagenmenda er leia av advokat (H) Kåre Ivar Moljord og nemda består av ni medlemer.
Totalt 800 millionar i gebyr
Ifølgje kommunikasjonsdirektør Lisbeth Strand i Finanstilsynet er det dei siste fem åra ilagt overtredelsesgebyr på tilsaman kring 800 millionar kroner fordelt på 218 saker.
– Av dette utgjer gebyr for brot på kvitvaskingsreglane omlag 630 millionar kroner, opplyser Strand.
Framleis er det landets største bank, DNB, som tronar på toppen av gebyrpallen med gigantgebyret på 400 millionar kroner som vart ilagt for brot på kvitvaskingslova. DNB representerer med andre ord halvparten av dei samla gebyra, og brorparten av kvitvaskingsgebyra.
DNB-saka starta med tilsyn i desember 2018, der det vart avdekt manglar i etterlevinga av kvitvaskingsreglane. Det utvikla seg vidare då Wikileaks i 2019 la ut dokument som avslørte at det islandske fiskerikonsernet Samherji mellom anna betalte bestikkelsar til namibiske styresmakter via kontoar i DNB. Denne konkrete saka saman med nye granskingsrundar, enda med rapport og vedtak om rekordgebyret på 400 millionar våren 2021.
Sjølv om DNB-styret ba om ein mildare reaksjon, er rekord-gebyret blitt ståande.
