Ny tillitsvald: – Vil gjere ein skilnad

– Som ein av dei yngste i banken ynskjer eg å vera med på å prøve å gjera ein skilnad på min arbeidsplass. Min viktigaste oppgåve blir å lytte til kollegaene mine og finne den beste løysinga for alle, seier Åsne N. Midtun, ny tillitsvald i Tinn Sparebank.

Namn/rolle/arbeidsstad/alder:

Åsne N. Midtun, Rådgjevar privatmarknad i Tinn Sparebank, 26 år.

Kaffe eller te?  
Kaffe.

Kva har du på nattbordet?  
Svensk krimbok.

Når om morgonen begynner du å tenke jobb?
I bilen på veg til jobb, 7.30.

Kvifor ønsket du å bli tillitsvald? 
Som ein av dei yngste i banken ynskjer eg å vera med på å prøve å gjera ein skilnad på min arbeidsplass.

Kva blir din viktigaste oppgåve? 
Lytte til kollegaene mine og finne den beste løysinga for alle.

Kordan forventningar har du til din nye rolle som tillitsvald? 
Foreløpig har eg ikkje store forventingar, jobbar framleis med å setje meg inn i rolla.

Blir din arbeidskvardag på nokon måte påverka av krigen i Ukraina?
I veldig liten grad.

Kva er det morosamaste du gjere på jobb?  
Rådgjevingssamtaler med kundar.

Kva gjere du for å holde deg oppdatert i en bransje med store endringar?
Lyttar til kollegaer og prøvar å lesa nyhende som kjem om endringar.

Kva er den største utfordringa i finansbransjen akkurat nå (generelt og der du jobbar)? 
Generasjonsskifte er ei utfordring, få utnytta og vidareføre kunnskapen til dei som er på veg ut.

Kva liker du å gjere på fritida?  

Likar å trene, vera ute og vera saman med dei eg er glad i.

Kven inspirerer deg, og kordan/kvifor?  

Foreldra mine inspirera meg, fordi dei alltid har vist meg at viss ein jobbar for noko så får ein det til.

Kva får deg til å stoppe opp i sosiale media?

Spennande strikkeoppskrifter.

Kva er det lengste du har klart å være utan mobilen?
2 dagar.

Når logger du av for kvelden?
Ca. kl. 22