Min arbeidsdag: Korona var ei velsigning!

– Min region strekker seg frå Hardanger i sør til Stadt i nord, så eg køyrer ca. 3 000 km i månaden. Å avslutte arbeidsdagen kl. 16 og samtidig nå over alt som skal gjerast, var noko nytt for meg.  

Namn/rolle/arbeidsstad/alder:     

Johann Gotteberg, salssjef og senior rådgjevar, Frende Forsikring, 46år. 

Kaffe eller te?   

Kaffi. 

Kva har du på nattbordet?     

Vekkarklokka (mobilen). 

Når om morgonen begynner du å tenke jobb?   

Når eg vaknar. 

Korleis påverkar korona-utbrotet din arbeidskvardag?   

Korona var ei velsigning! Min region strekker seg frå Hardanger i sør til Stadt i nord, så eg køyrer ca 3000km i månaden. Å avslutte arbeidsdagen kl. 16 og samtidig nå over alt som skal gjerast, var noko nytt for meg. Men eg må tilføye at sjølv om videomøter har gjort nokon ting enklare, så vil det ikkje erstatte fysiske møter. 

Fortel om en hending på jobb som du husker spesielt godt    

Ein kollega byrja å setje opp banner og skilt med logoane våre bak ein potensiell kunde halvvegs i møtet. Både kunden og eg måtte stoppe opp og undra oss over kva han gjorde på. Rådgjevaren kvitterte raskt «Vi skal ta bilde når de signerer avtalen!» Kunden signerte og vi fortsatte møtet. Snakk om tillit!  

Kva er det morosamaste du gjer på jobb?   

Ute hjå kundar eller når eg får ei god løysing på ei sak. 

Kva gjer du for å holde deg oppdatert i ein bransje med store endringar?   

Personleg så føles det ut som eg ikkje heng med, men ettersom mange gode kollega nyttar meg som informasjonssentral, så er eg kanskje ikkje heilt utdatert ennå. Å være nysgjerrig og engasjert er gode eigenskapar for å halde seg oppdatert. 

Dersom du kunne digitalisert ei tilfeldig arbeidsoppgåve, kva ville du valt?   

Det er mange, men her må eg være litt egoistisk å seie nokre av dei verktøya eg nyttar i min eigen kvardag til sal og oppfølging.  

Kva er den største utfordringa i finansbransjen akkurat nå (generelt og der du jobbar)?     

Eg tykkjer bransjen har ei vanskeleg dobbelt rolle mellom infrastruktur og marknadsaktør. Med korona i tankane har eg ein følelse av at noko er «feil» i marknaden. Bygg og anleggsbransjen aukar og boligprisane stig trass i at mange bransjar og tilsette opplever si største økonomiske krise. Om det faktisk er noko feil i marknaden, så er det ofte dei med svakast økonomi som vert hardast råka. Dei får auka renter og dårlegare betingelser i ein situasjon der dei treng det motsette. 

Kva liker du å gjere på fritida?  

Eg hopper fallskjerm om sommaren, driv hjortejakt om hausten og ski om vinteren, men ein kveld framfor tv’n er ikkje å forakte det heller! 

Kven inspirerer deg, og korleis/kvifor?    

Jordan Peterson og kjærasten min, Anita. Begge for at dei får meg til å lytte. 

Kva får deg til å stoppe opp i sosiale media?   

Altfor mykje! Eg vart overtala til å laste ned Tik-tok og der skal ein være forsiktig. Før du skjønar kva som skjedde, så har det gått ein time! 

Kva er det lengste du har klart å være utan mobilen?  

Eg likar å tru at eg hadde klart meg godt og prøver å være utan nokre timar kvar dag, men har ikkje opplevd å være utan i noko lengre tid. 

Når logger du av for kvelden?    

Om eg held meg unna Tik-tok, så vert det som regel mellom 23 og 00.