Min arbeidsdag: Bidrar til at andre lukkast

-Eg er veldig fornøgd når eg føler eg har bidratt til at andre har lukkast eller fått til noko bra, seier Magnus Vie og legg til: Er ein positiv sjølv møter ein mykje positivitet. 

Namn/rolle/arbeidsstad/alder: 

Magnus Vie, Fagsjef HR, Sparebanken Sogn og Fjordane, 62 år. 

Kaffe eller te?  

Kaffe. 

Kva har du på nattbordet?  

Mobiltelefon. 

Når om morgonen begynner du å tenke jobb?  

Når eg vaknar. 

Korleis påverkar korona-utbrotet din arbeidskvardag?  

Mykje mindre fysiske møter, mindre reiser, mindre sosial og fagleg oppdatering. Blitt litt betre på digitale flater, kanskje meir effektive møter. Sit meir i ro framfor PC på heimekontor enn på kontoret i banken.  

Fortel om en hending på jobb som du husker spesielt godt   

Når vi fekk den første PC’en på jobb. Trur det var ein Commodore 64, ei fantastisk hending med mykje diskettar inn og ut. Var sikkert tidleg på 80-tallet.   

Kva er det morosamaste du gjer på jobb? 

Er veldig fornøgd når eg føler eg har bidratt til at andre har lukkast eller fått til noko bra. Er ein positiv sjølv møter ein mykje positivitet – og eg har det stort sett alltid kjekt på jobb.  

Kva gjer du for å holde deg oppdatert i ein bransje med store endringar?  

Er nok litt nysgjerrig og godt over snittet interessert i nye dingsar, appar og nye ting generelt. Ber om å få delta og prøve ut. Lærer mykje av andre som deler kunnskap. 

Dersom du kunne digitalisert ei tilfeldig arbeidsoppgåve, kva ville du valt?  

Reiserekningar – sleppe å fylle ut noko som helst.  

Kva er den største utfordringa i finansbransjen akkurat nå (generelt og der du jobbar)?  

Myndigheitskrav og rapporteringar. EU-direktiv. 

Kva liker du å gjere på fritida?  

Reise både i Norge og verda. Fotball – ein aktiv tilskodar, generelt sportsinteressert så ser nok litt mykje på alt for mykje. Prøver å trimme litt sjølv også; har medlemskap på treningsstudio, sykkel og tursko….  

Kven inspirerer deg, og korleis/kvifor?  

Kona og borna. Dei er viktigaste i livet mitt, så eg gjer det eg kan for at dei skal ha det godt. 

Kva får deg til å stoppe opp i sosiale media?  

Det kan være så mangt. Ting som skjer i nærmiljøet, jobben, sport, reiserelatert. Ser det er alt for mange som deler og likar ukritisk. Sosiale media kan være med å forsterke det ytterleggåande i samfunnet, det er ikkje bra. 

Kva er det lengste du har klart å være utan mobilen? 

Det kan ikkje være lenge, søv nokre timar i løpet av natta. Elles er den mykje på – ifølge kona er eg altfor mykje på den.  

Når logger du av for kvelden?   

Når eg legg meg litt før midnatt.