TEK NORDFJORD MED STORM: Regine Nesheim (t.v.) og Amalie Heggen styrer Eiendomsmegler Vest i Nordfjord frå dette kontoret i lokala til Sparebanken Vest på Nordfjordeid.  (Foto: Jørn-Arne Tomasgard)

Færre eigedomsmeklarar enn i fjor

Talet på tilsette i eigedomsmeklarbransjen gjekk ned 13 prosent i fjor. Regine Nesheim og Amalie Heggen er to av dei som går mot straumen i nyetablerte meklarjobbar på Nordfjordeid.

Både Regine Nesheim (26) og Amalie Heggen (28) har flytta tilbake til heimstaden etter fullført utdanning innan eigedomsmekling. Nesheim tok bachelorutdanning på Høgskulen på Vestlandet i Sogndal medan Heggen gjekk BI i Bergen. Ho er no eigedomsmeklarfullmektig på kontoret som vart etablert i august 2021. Regine er fagansvarlig og eigedomsmeklar.

– Det betyr alt at det var jobbar til oss her heime. Vi var litt spent sidan det ikkje har vore så mange stillingar som eigedomsmeklar her tidligare, samstemmer dei to. Begge er medlem i Finansforbundet.

Nesheim kom inn i Eiendomsmegler Vest-systemet då ho først jobba hos ein lokal eigedomsmeklar i Volda som vart kjøpt opp av hennar noverande arbeidsgivar. Amalie fekk jobb då kontoret opna i august 2021. Dei er glade dei er to.

Nasjonalt viser tal i Finansfokus´ jobbmonitor ein nedgong frå 7466 til 6490 jobbar innan eigedomsmekling frå desember 2022 til desember 2023, tilsvarande 13,1 prosent.  Eiendomsmegler Vest er den femte største arbeidsgjevaren blant eigedomsmeklarselskapa i Norge med 146 jobbar ved utgangen av 2023. Det er ein reduksjon på fem jobbar samanlikna med eit år i førevegen.

SUNT MED KONKURRANSE

Også Eigedomsmekling Sogn og Fjordane, eit dotterselskap av Sparebanken Sogn og Fjordane, har etablert seg på Nordfjordeid i løpet av siste åra. Dette meklarkontoret marknadsfører seg som den leiande eigedomsmeklaren i Sogn og Fjordane med kontor i Førde, Florø, Sogndal, Nordfjordeid, Stryn og Bergen, og har om lag 20 tilsette. 

Eiendomsmegler Vest har 27 kontor på Vestlandet frå Ålesund i nord til Nærbø i sør. Ifølgje Regine Nesheim er dei marknadsleiande i Vestland.

Før Eiendomsmegler Vest og Eigedomsmekling Sogn og Fjordane etablerte seg i Nordfjord-marknaden var det i hovudsak lokale advokatar som tok seg av kjøp og sal av eigedom som del av næringa si. Desse advokatane er framleis til stades i marknaden i større eller mindre grad, det kan vere snakk om tre-fire advokatkontor som tilbyr eigedomsmekling. 

Regine og Amalie har tatt marknaden i Nordfjord med storm.

Mats-Eirik Misje, Eiendomsmegler Vest

Det er med andre ord ein viss konkurranse. Det meiner dei to på Nordfjordeid-kontoret til Eiendomsmegler Vest er greitt.

– Det er sunt med konkurranse slik at vi har noko å strekke oss etter. For vår del har det gått bra etter at vi opna kontor for Nordfjord. I fjor hadde vi om lag 60 sal, og då var eg i permisjon fire månader av året, oppsummerer Nesheim.

SAMLOKALISERT MED BANK OG FORSIKRING

– Eigentleg har marknaden vore betre enn ein kunne vente. Vi er lokalisert i eit miljø saman med Sparebanken Vest, og har bank, eigedomsmekling og forsikring samla under same tak. Vi får litt drahjelp frå banken, og motsett, sidan dei kan tilby finansiering i samband med kjøp og sal av eigedomar, seier Amalie Heggen.

Tettstadene i Nordfjord med Stryn, Måløy og Sandane i tillegg til Eid opplever stort sett bra utvikling med fortetting og utbygging, særlig av leilegheiter. Etableringa av reine eigedomsmeklarar har skjedd parallelt med denne utviklinga.

– Vi er ikkje så mykje involvert i sal av nye byggjeprosjekt, men vi ser ein effekt av at eksempelvis godt vaksne vil selje einebustader og flytte i lettstelt leilegheit i sentrum. Vi har mange sal av brukte einebustader, seier Nesheim. Ho nemner også Selje og Stadlandet som gode marknader.

HANDLAR OM FOLK

Regiondirektør Mats-Eirik Misje i Eiendomsmegler Vest region nord er leiaren til dei to eigedomsmeklarane på Nordfjordeid. Han seier satsinga handla om menneska. Har dei gode kandidatar til stillingar, kan dei snu seg rundt og opprette kontor.

– Regine og Amalie har tatt marknaden i Nordfjord med storm. Vi har gått frå å vere ein liten aktør til å bli størst i Nordfjord. Vi har nærast dobla marknadsandelen i januar i år sammenlignet med i fjor.Det er slik at på mindre stader må ein bruke tid på å finne dei rette folka. I Førde var vi til dømes utan tilsette i nesten ti år, før vi no har funne dei rette, seier Misje.

Han seier den nasjonale statistikken som viser nedgang i talet på stillingar på 13 prosent ikkje gjeld Eiendomsmegler Vest.

– Det handlar kanskje om at i åra med pandemi var det full trykk med omsetting av eigedom. Det var ein del aktørar som kasta seg på, og dei forsvann kanskje då marknaden normaliserte seg.

FAKTA: JOBBMONITOR

Ved å analysere data fra Enhetsregisteret i Brønnøysund skapes en monitor for jobbutviklingen i finansnæringen og tilsluttede næringer. Jobbtallene er basert på bedriftenes egen, månedlige innrapportering av antall jobber i A-meldingen til Enhetsregisteret. Analyseselskapet Kartlagt SA henter dataene fra Brønnøysundregisteret basert på tall fra arbeidsgiver- og arbeidstakerregisteret (Aa-registeret). Arbeidsgivere og oppdragsgivere har plikt til å rapportere sine arbeidstakere og frilansere til registeret via A-meldingen. Tallene inkluderer permitterte. Tallene omfatter næringskodene for finansieringsvirksomhet, forsikringsvirksomhet og pensjonskasser og tjenester tilknyttet finansierings- og forsikringsvirksomhet. Merk: Det oppgis ikke tall for underenheter med med mindre fem jobber i A-meldingen.