Eivind Friis Hamre
GIR STØTTE: Det er lett for Eivind Friis Hamre i Finansforbundet å vere samd med Finans Norge i desse dagar. (Foto: Sjur Anda)

– Ekstremvêr-skadar må førebyggjast

Om vi ikkje styrkar innsatsen for å førebyggje ekstremvêr-skadar, vil det koste samfunnet dyrt, ifølgje Finans Norge. Dei kjem med klare råd og får støtte av Finansforbundet.  

Naturskadar skjer hyppigare enn før, og skadeomfanget vil auke i åra framover, ifølgje to nye rapportar frå Finans Norge.  

Rapporten Ansvar, finansiering og insentiver anslår at vêr- og naturfarerelaterte hendingar i dag kostar Noreg 5,5 milliardar kroner per år, og at summen vil auke til 19 milliardar kroner årleg i 2100 viss vi ikkje aukar innsatsen.  

PÅ HØG TID

Leit fram pengane og lag ei tydeleg ansvarsfordeling, konkluderer rapporten. Eivind Friis Hamre, spesialrådgjevar for berekraft i Finansforbundet, meiner det er på høg tid.   

Naturskadar skjer hyppigare. Det går ikkje i rett retning, og det blir berre verre

Eivind Friis Hamre, Finansforbundet

– Her er vi heilt samde med Finans Norge. Naturskadar skjer hyppigare. Det går ikkje i rett retning, og det blir berre verre, seier Hamre.  

Rapporten Ansvar, finansiering og insentiver er utarbeida av selskapet Menon Economics og Norges Geotekniske Institutt (NGI) og dokumenterer ein stor samfunnsøkonomisk nytte av å auke førebyggingsinnsatsen.  

Same veke lanserer Finans Norge Klimarapporten 2024, som samlar ekstremvêr-statistikk frå Finans Norge og Norsk Naturskadepool. Ifølgje denne har samla utbetalingar frå forsikringsselskapa dei siste ti åra vore på 35 milliardar kroner – langt høgare enn tiåra før. Uvêr som «Hans» i august 2023 er med å trekkje beløpet opp.  

FRAGMENTERT ANSVAR

Ifølgje rapportane er dagens førebyggingsansvar fragmentert. Dei kjem med fleire tilrådingar til Regjeringa, mellom anna:   

  • å samle ansvaret for førebygging av naturskadar i eitt direktorat. Med dagens organisering ville dette bety at Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) også får ansvar for overvatn, i tillegg til flaum og skred, som dei har i dag 
  • å gje kommunane eit tydeleg ansvar for sikring, medan staten får eit nasjonalt finansieringsansvar for alle vêr- og naturfarane   
  • å auke ramma for sikringstiltak frå dagens 500 millionar årleg til 3-6 milliardar kroner i året 

UKLARE REGELVERK  

Ifølgje prosjektansvarleg i Menon Economics, Simen Pedersen, medverkar dagens uklare regelverk, spesielt knytt til kommunane sitt sikringsansvar, sannsynlegvis til ansvarsfråskriving og mindre sikring enn kva som er optimalt ut frå eit samfunnsøkonomisk perspektiv.  

– Difor tilrår vi at kommunane får eit tydeleg ansvar for sikringstiltak, seier han til Finans Norge.  

Men finansieringsansvaret bør vere nasjonalt, ifølgje rapportane. Her har staten langt betre føresetnader enn kommunane for å identifisere og prioritere tiltak, ifølgje Pedersen, som meiner at det bør byggjast opp eit sterkt fagmiljø som koordinerer dei førebyggjande aktivitetane. 

Pedersen får støtte av Hamre i Finansforbundet.  

KOMMUNANE TRENG KOMPETANSE

– Vi treng eit statleg organ som har ansvaret, og det er mest naturleg å tenkje på NVE. Her må fagmiljøet må styrkast, og dei bør lene seg på byggjebransjen og forsikringsbransjen som allereie har stor kompetanse på desse felta.  

Vi treng eit statleg organ som har ansvaret, og det er mest naturleg å tenkje på NVE.

Eivind Friis Hamre, Finansforbundet

Også i kommunane bør kompetansen styrkast og ressursane aukast, legg Hamre til, noko som blir understreka i rapportane. For eksempel må arealplanleggarar få meir kunnskap om både skaderisiko og moglege konsekvensar av utbygging, påpeikar Hamre.  

– Vi har fleire eksempel på hyttefelt som har blitt bygde ut i myrområde og medført redusert drenering. Dette kan auke faren for flaum og naturskadar, og slike ting er vi nøydde til å tenkje på før vi byggjer ut.   

DYRARE FORSIKRING

Hamre ser føre seg at vi med tida vil få meir differensierte forsikringspremiar i Noreg, alt etter kor utsett det som skal bli forsikra, er. I dag kostar forsikringa det same, uavhengig av om huset ditt står på utsett grunn eller ikkje.  

Nyhetsbrev

Abonner på nyhetsbrev

Legg igjen e-postadressen din og motta vårt ukentlige nyhetsbrev med de siste nyhetene fra finansbransjen.

– I mange andre land blir dette differensiert allereie. Det finst også ein god del område der det ikkje er mogleg å forsikre bygningar, for eksempel enkelte stader i Danmark der risikoen for stormflo er høg.  

Konsernsjef Morten Thorsrud i forsikringsselskapet If har tidlegare uttala seg om dette i Finansfokus. Hausten 2023 uttrykte han ei frykt for at ein del område på sikt ikkje blir moglege å forsikre.  

– Slike utsegner speglar diskusjonar i forsikringsselskapa i dag. Men skal ein endre dagens system, treng ein mellom anna å betre systemet for datadeling mellom det offentlege og forsikringsbransjen, seier Hamre.