MØTER KUNDANE: – Det er vi i forsikringsbransjen som møter kundane og ser dei i ein fortvila situasjon, seier konsernsjef Morten Thorsrud i If her i samtale med kommunikasjonsdirektør Andreas Handeland. (Foto: Kilian Munch/If)

If fryktar at område blir umogeleg å forsikre

Gjennom dei siste ti åra har vi hatt heile 25 namngjevne ekstreme vêrhendingar med ein total prislapp på over 30 milliardar kroner. No fryktar If at ein del område på sikt ikkje blir moglege å forsikre, fordi risikoen blir for høg.

Ekstremvêr skaper skyhøge kostnader for norske forsikringsselskap. No lanserer selskapet If for tredje gong «Ekstremværrapporten», ei kommuneundersøking gjennomført i samarbeid med CICERO Senter for klimaforskning.

Ifølgje rapporten er det mange norske kommunar som jobbar godt med klimatilpassing, men det finst også dei som ikkje har begynt.

– Vi må få opp farten. Det å reparere dei same skadane gong etter gong er lite samfunnsøkonomisk lønsamt, seier konsernsjef Morten Thorsrud i If.

HINDRINGANE ER SOM FØR

Han peikar på at svarprosenten i kartlegginga er større enn nokon gong, og fleire kommunar gjennomfører klimatilpassing enn før.

– Det viser at det finst både vilje og engasjement i norske kommunar. Men dessverre avdekker rapporten at kommunane ikkje har jobba særleg mykje betre med tilpassing sidan 2020, og det er urovekkande, meiner Thorsrud.

Første gong ein slik rapport vart lansert, var i 2019, andre gong i 2020. Ifølgje den nye rapporten er hindringane kommunane møter dei same som i 2020: Dei manglar økonomiske ressursar, bemanning og kompetanse til å gjere gode tilpassingstiltak. Kompetansen manglar både blant lokalpolitikarar og i kommunane sine fagavdelingar.

For ein del små og mellomstore kommunar strandar det allereie i dei tunge søknadsprosessane som krevjast for å søkje om statlege midlar til tiltak, ifølgje kommunikasjonsdirektør Andreas Handeland i If.

VIL HA TYDELEGGE STATLEGE FØRINGAR

I ei stortingsmelding i juni framheva klima- og miljøministeren kommunane si nøkkelrolle for at vi skal lykkast i klimatilpassingsarbeidet. No vil If ha staten på banen.

Sentrale styresmakter må kome med meir tydelege føringar.

Morten Thorsrud, If

– Utan kompetanse er det vanskeleg å prioritere, fordele ressursar og gjere dei rette tiltaka. Sentrale styresmakter må kome med meir tydelege føringar, meiner Morten Thorsrud.  

Ifølgje rapporten har 14 prosent av kommunane førebels ikkje vurdert framtidig klimapåverknad i ein risiko- og sårbarheitsanalyse, sjølv om dette er lovpålagt.

– Vi ser også at færre kommunar enn tidlegare evaluerer arbeidet og sjekkar kva effekten er, seier Thorsrud.

OPPMODAR TIL SAMARBEID

Jamt over er det dei store kommunane som har kome lengst i klimatilpassingsarbeidet. Stavanger får full pott i årets undersøking. Blant mellomstore og små kommunar, kjem Søndre Land og Skjåk på topp. Indre Østfold er årets «klatrar».

PANELSAMTALE OM EKSTREMVÆR: Fra venstre: Kristin Halvorsen i CICERO Senter for klimaforskning, klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen, styreleiar Gunn Marit Helgesen i KS og Morten Thorsrud i If deltok i panelsamtale under framlegginga av rapporten. Andreas Handeland i If (t. h.) leia samtalen. (Foto: Karoline Holtop / If)

Kristin Halvorsen, direktør i CICERO Senter for klimaforskning, oppmodar kommunar til å samarbeide og lære av kvarandre. Ho er fornøgd med at svarprosenten i årets undersøking er nesten 50 prosent.

– Det kan hende vi har fått med oss fleire som ikkje var så bevisste på dette tidlegare. I tillegg vart spørsmåla stilt i mai, før Hans. Det er spennande å sjå korleis dette utviklar seg framover, sa ho under framlegginga av rapporten.

FRYKTAR AT OMRÅDER BLIR UMOGELEG Å FORSIKRE

Ekstremvêret Hans i august 2023 er estimert til å koste norske forsikringsselskap 1,8 milliardar kroner, ifølgje Norsk naturskadepool. Gjennom dei siste ti åra har vi hatt heile 25 namngjevne ekstreme vêrhendingar med ein total prislapp på over 30 milliardar kroner.

Morten Thorsrud peikar på at kostnadene forsikringsselskapa opplever vil gå ut over kundane.

Det vi fryktar på litt lengre sikt, er at ein del område ikkje blir moglege å forsikre, nettopp fordi risikoen blir for høg.

Morten Thorsrud, If

– Éi vêrhending åleine er ikkje nok til at forsikringsprisane aukar, men på sikt vil det skje. Premieprisen skal spegle risikoen. Det vi fryktar på litt lengre sikt, er at ein del område ikkje blir moglege å forsikre, nettopp fordi risikoen blir for høg. 

Det er frustrerande når den same bustaden gong etter gong går under vatn eller får tilbakeslag frå avløpssystema, meiner han. 

– Vi veit eksakt kva hus dette gjeld, og det er ikkje berekraftig. Vi er nøydde til å sjå på korleis vi kan hindre at ting skjer om og om igjen på dei same stadene.

Fakta om undersøkinga: 

  • Vart sendt ut til alle landets 356 kommunar. 174 svarte.
  • Spørsmåla tok utgangspunkt i eit EU-verktøy som skisserer seks steg for klimatilpassingsarbeidet: organisering av arbeidet, kartlegging av risiko og sårbarheit, identifisere klimatilpassingstiltak, velje tiltak, gjennomføre tiltak, evaluering og oppfølging
  • Kommunane fekk poeng basert på svara sine. Maksimal poengsum var 33. Gjennomsnittet var 15,7, mot 15,4 i 2020.

Andre viktige funn frå rapporten:

  • 9 av 10 kommunar jobbar med klimatilpassing (omtrent som i 2020)
  • Fleire har lokalpolitisk støtte for klimatilpassingsarbeid
  • Fleirtalet samarbeider med andre om klimatilpassing, anten kommunar eller fagmiljø
  • Fleire har gjennomført tiltak (6 av 10, mot 5 av 10 i 2020)
  • Kommunar med erfaring frå ekstremver er betre på tiltak
  • Auka nedbør og flaum har ramma flest kommunar, men ras og skred har auka mest sidan 2020
  • Høg sårbarheit gjev meir satsing
  • Vatn og avløp og drikkevatn er sektorar der mange vurderer mogleg påverknad