TIMEFØRING. Når tilsette fortel hovudtillitsvalt Liv Bente Kildal at dei jobbar for mykje, spør ho alltid om dei passar på å registrere all arbeidstid. – Det er første bod, seier ho.

Ikkje så mange som set att PC-en på jobb

Mange opplever ei forventning om å vere tilgjengeleg utanfor arbeidstid, ifølgje hovudtillitsvalt Liv Bente Kildal. – Det er ikkje så mange som set att PC-en på jobb lenger, seier ho.

Verken kveldar, sjukedagar eller sjukt-barn-dagar er dei friromma dei var før, ifølgje Liv Bente Kildal, hovudtillitsvalt i SpareBank1 Ringerike/Hadeland og leiar av tillitsutvalet i SamSpar, eit knippe samarbeidande sparebankar. På éin måte er det positivt, fordi meir bruk av heimekontor har gjeve ein auka fleksibilitet.  

– Men mange opplever det også krevjande, seier ho. 

2023 har vore eit utfordrande år for banknæringa. Hyppige rentestigingar gjer konkurransen stor. Kildal trur at høgt arbeidspress medverkar til at mange finansfolk i dag opplever ei større forventning om å vere tilgjengeleg utanfor arbeidstid enn før.

I botnen for utviklinga ligg framveksten av meir avansert kommunikasjonsteknologi og dei fleksible arbeidsvanane vi tileigna oss under pandemien.

– Bankkundar prutar på renta, og alle som tar kontakt, skal få svar. Mange opplever at både leiarar og kundar forventar at dei skal vere tilgjengelege. I tillegg legg vi forventningar på oss sjølve. Vi vil jo ikkje at banken skal miste kundar.

«Eg skal berre …»

Det finst lite statistikk på kor tilgjengelege tilsette i norsk finansnæring er etter vanleg arbeidstid. Kildal snakkar på grunnlag av erfaringane ho sjølv og andre tillitsvalde i SamSpar har. Hovudtillitsvalt i Gjensidige, Ellen Kristin Enger, deler Kildal si oppfatning.

– Mitt inntrykk er at det er ein del som jobbar meir enn dei skal. Eg har ikkje noko imot at folk jobbar fleksibelt, men jobbar dei utover arbeidstida, skal dei ha kompensasjon. Ein må også halde seg innanfor arbeidsmiljølova, seier ho.

LØN FOR STREVET. – Jobbar folk utover arbeidstida, skal dei ha kompensasjon, seier Ellen Kristin Enger, hovudtillitsvalt i Gjensidige.

Då uvêret Hans herja i august, var pågangen i forsikringsselskapa enorm.

– Men slikt overtidsarbeid er godt organisert. Då får folk betalt. Det er kanskje annleis når ein sit ved pc-en heime og tenkjer «eg skal berre …». Forhåpentleg er det som oftast sjølvpålagt. 

Retten til å logge av

I EU blir det no forhandla om eit nytt EU-direktiv om retten til å logge av, «The right to disconnect». Fleire land, mellom anna Frankrike, innførte eigne reglar allereie før pandemien. For eksempel er det i Frankrike ulovleg for større firma å sende e-postar til tilsette etter visse klokkeslett. I Noreg har Venstre fremma eit forslag for Stortinget om eit eige norsk regelverk. Frå før er det arbeidsmiljølova som vernar norske arbeidstakarar sin rett til fritid.

Arbeidsgjevarar må også oppdra kundane: Er banken stengt, får du svar dagen etter, og ikkje klokka åtte på kvelden.

Vigdis Mathisen

Ifølgje Vigdis Mathisen, forbundsleiar i Finansforbundet, er skiljet mellom arbeid og fritid er ei viktig sak for forbundet.

– Det skal vere forskjell mellom det å gå på jobben og det å ha fri. Vi ser at dette skiljet blir utfordra heile tida, seier ho.

Mathisen meiner at den enkelte arbeidstakar sjølv har eit ansvar for å logge av og slå av telefonen. Men også arbeidsgjevarar må ta ansvar, påpeikar ho. 

– Tillitsvalde må tørre å ta ein diskusjon med leiinga om dette.

Arbeidsgjevarar har eit ansvar for at arbeidstakarar får så mykje kvile at dei gjer ein god jobb når dei først er på jobb, påpeikar ho.

– Arbeidsgjevarar må også oppdra kundane: Er banken stengt, får du svar dagen etter, og ikkje klokka åtte på kvelden.

Lojalitet til banken

Liv Bente Kildal tok nyleg opp temaet på eit leiarmøte i banken der ho jobbar. Ho sa at leiarane er rollemodellar.

– Viss dei sender ut meldingar til alle døgnets tider, vil tilsette tru at dei må svare. Dessutan treng leiarar å skilje mellom arbeid og fritid, dei òg, seier ho. 

Kildal trur at mange i norsk finansnæring har ein så sterk lojalitet til eigen arbeidsplass at tema som dette ikkje blir sette ord på, iallfall ikkje offentleg. Det har også Finansfokus erfart: Etter å ha kontakta seks ulike bankar eller forsikringsselskap med spørsmål om tilsette ville la seg intervjue om eigen situasjon, var svaret jamt over nei.

– Dette handlar om berekraft og sosiale forhold. Ingen ønskjer at arbeidsplassen deira skal bli framstilt som ein versting, seier Liv Bente Kildal.