MINDRE PENSJON: Stian Revheim i DNB meiner at årets store auke i G kan ha negative konsekvensar for ein del nordmenn sin framtidige pensjon. (Foto: Christian Enger)

Lønnsvekst kan gje pensjonstap

Når grunnbeløpet i Folketrygda aukar, får det ei rekke følgjer for lønnstakarar. Éin av dei kan vere tap av framtidig pensjon.

Kvart år blir grunnbeløpet i Folketrygda (G) auka for å halde tritt med lønnsveksten i samfunnet. I mai 2023 vart auken 6,4 prosent, den største sidan 1998. Årsaka til den store auken var delvis at fjorårets lønnsvekst vart større enn venta og måtte hentast inn att, ifølgje sjeføkonom Sven Eide i Finansforbundet.

Eit auka grunnbeløp får følgjer for både lønnstakarar og trygdemottakarar. Om du går i pluss eller minus, kjem an på situasjonen din. Jobbar du i finans og tener over 7,1 G (i år 842 000 kroner), er sjansen stor for at du taper pensjon.

KAN TAPE PENGAR

– Mange i finanssektoren har gode pensjonsspareordningar hos arbeidsgjevar, såkalla innskotsordningar. Når ein større del av sparebeløpet blir flytta over til Folketrygda, sparer du mindre i innskotsordninga. Du risikerer å tape pengar, seier pensjonsekspert Stian Revheim i DNB.

Viss du har ein lønnsvekst på 6,4 prosent, taper du ingenting. Nokon kan også ha hatt ein lønnsvekst i fjor som jamnar ut differansen.

STØRRE AVKASTING I PENSJONSKONTO

Folk som bur i Noreg og har ein arbeidsgjevar, opparbeider seg pensjon både gjennom Folketrygda og arbeidsgjevar (sjå faktaboks). Medan sparegrunnlaget i Folketrygda er inntil 7,1 G, er det hos arbeidsgjevar inntil 12 G, altså rundt 1,4 million kroner. 

Ifølgje Storebrand er finanssektoren blant dei sektorane som sparer mest til sine tilsette, med seks prosent sparing i snitt.

Revheim påpeikar at du i ein pensjonskonto kan vente ei langsiktig avkasting på 5,75 prosent med sparing i aksjefond, medan du i Folketrygda kan vente ei avkasting lik lønsveksten – pensjonskalkulatorar legg til grunn to prosent årleg vekst.

340 000 MINDRE I PENSJONSPOTTEN

– I 2023 vil sparesummen i Folketrygda kunne auke med 9.180 kroner, medan arbeidsgjevar vil spare tilsvarande mindre dersom du tener over 7,1 G. Er du 37 år i dag, vil du ved 67-års alder ha rundt 340.000 kroner mindre i pensjonspotten, seier Revheim.

Føresetnaden er at fondsmarknaden og lønsvekst oppfører seg nokon lunde som venta.

Viss målet er å oppretthalde den levestandarden du har i dag, må du gjere fleire sparegrep dess høgare løn du har.

Stian Revheim, pensjonsekspert, DNB

Han oppmodar til å spare privat viss du ser at lønna di ligg i ro.

– Men viss du tener over 7,1 G i dag, blir pensjonen kanskje uansett god nok til at du klarer deg?

– Jo, du vil framleis få betre betalt enn dei fleste. Samtidig har du kanskje eit høgare forbruk. Viss målet er å oppretthalde den levestandarden du har i dag, må du gjere fleire sparegrep dess høgare løn du har.

VANSKELEG Å GJE EIT FASITSVAR

Ifølgje Alexandra Plahte, jurist og leiar i Formue Pensjonsrådgivning AS, kan det vere vanskeleg å gje eit fasitsvar på om pensjonsoppteninga er mest lønnsam i Folketrygda eller i ei innskotsordning. Ordningane er nemleg prinsipielt ulike.

LIVSVARIG UTBETALING: Ifølgje Alexandra Plahte er pensjonsoppteninga i Folketrygda prinsipielt ulik pensjonssparing gjennom innskotsordningane i privat sektor. (Foto: Einar Aslaksen)

– Éin ting er skilnaden på garantert regulering, som du har i Folketrygda, og avkasting, som ligg i innskotsordningane. Ein annan ting er at Folketrygda gjev ei livsvarig utbetaling, medan innskotsordningane normalt blir utbetalte i ti år, og minst til fylte 77 år, seier ho.

Ein skal også hugse at eventuell kapital som blir att i ei innskotsordning, blir utbetalt til etterlatne viss du døyr. Dette er ikkje tilfelle i Folketrygda, legg ho til.

Uavhengig av effekten av G-reguleringa, gjer pensjonsreforma at mange må belage seg på å spare til pensjon sjølv.

Alexandra Plahte, jurist og leiar i Formue Pensjonsrådgivning AS

– Uavhengig av effekten av G-reguleringa, gjer pensjonsreforma at mange må belage seg på å spare til pensjon sjølv. Ikkje minst gjeld dette den yngre generasjonen.

GUNSTIG FOR DEI MED HØGAST LØN

Plahte peikar på at dei som har spesielt høg løn, vil kunne nyte godt av den store auken i G. Dette er fordi også sparegrunnlaget i innskotsordningane til arbeidsgjevar – som er på inntil 12 G – aukar. I 2022 var 12 G lik 1 337 724 kroner, frå 1. mai er det 1 423 440 kroner.

– Er du heldig å ha lønn på dette nivået, vil du altså kunne nyte godt av ei høgare innbetaling frå innskotsordninga enn med gamal G.

Ifølgje Plahte påverkar den høge reguleringa av grunnbeløpet i Folketrygda ikkje berre alderspensjonsoppteninga, men også ei rekke andre NAV-ytingar, som sjukepengar, arbeidsløysetrygd, arbeidsavklaringspengar og uføretrygd. Desse ytingane blir rekna ut frå eit grunnlag på maksimalt 6 G.

FAKTA: DIN PENSJON

  • Er du omfatta av ny oppteningsmodell i Folketrygda (dette avhenger av fødselsår, sjekk din status her), opparbeider du deg der ei pensjonsopptening som svarer til 18,1 prosent av inntekta inntil 7,1 G (ca. 842 000 kroner).
  • I tillegg pliktar arbeidsgjevar å spare to prosent av lønna i såkalla obligatorisk tenestepensjon, som oftast via ein pensjonskonto. Sparegrunnlaget er inntil 12 G (ca. 1,4 million kroner).

Kjelder: Storebrand, Alexandra Plahte og Stian Revheim

Les også: Ekspertanes fem beste pensjonsråd