DYRE GEBYR: Betaler du éin prosent for mykje i gebyr, risikerer du å miste ein fjerdedel av pensjonen, påpeikar Jorge B. Jensen. (Foto: John Trygve Tollefsen)  

Ekspertanes fem beste pensjonsråd

Kva bør du vite om framtidig pensjon? Finansfokus har bede to ekspertar gje sine beste råd. 

– Folk har ofte feil oppfatning av kva dei kjem til å få i pensjon. I tronge tider kan det vere ekstra lurt å sjekke, seier Jorge B. Jensen, fagdirektør Forbrukerrådet.   

Både Jensen og pensjonsekspert i DNB, Stian Revheim, har første råd klart til framtidige pensjonistar:  

Råd 1: Skaff deg ei oversikt.  

Her finst det tenester du kan bruke, som Min Pensjon, utarbeida av pensjonsføretaka. Her får du vite kor mykje du sparer, kvar du sparer og kva du kan vente å få utbetalt.  

– Er du 35 år og ønskjer å få utbetalt rundt 80 prosent av lønna di i pensjon, bør du spare tilsvarande 25 prosent av lønna di. Men staten sparer allereie 18,1 prosent gjennom Folketrygda, seier Revheim.  

Har du ein arbeidsgjevar, er denne pliktig til å spare minst to prosent – og maksimum sju prosent. Sparer arbeidsgjevar sju prosent, er dette nok, gitt at sparinga er plassert i aksjefond og at aksjemarknaden oppfører seg som før.  

Ein annan føresetnad er at lønna di ikkje overstig 7,1 G (850.000 kroner), påpeikar Revheim.  

AKTIV HANDLING: Du kan alltid justere pensjonssparinga di, men det krev ei aktiv handling, ifølgje Stian Revheim. (Foto: Tove Lise Mossestad)  

– Tener du meir enn det, vil du ikkje spare frå det overskytande beløpet gjennom Folketrygda, seier han.     

Råd 2: Sjekk gebyra.  

I «Min Pensjon» kan du også finne ut om du betaler høge gebyr utan å vite det.  

– Kanskje jobbar du i det private og har bytta jobb. Då risikerer du at den førre arbeidsgjevaren hadde forhandla fram ein god pensjonsavtale for dei tilsette, men at gebyra på pensjonsforvaltinga skaut i veret då du bytta jobb, seier Jensen.  

Betaler du éin prosent for mykje, risikerer du at ein fjerdedel av pensjonen blir eten opp av gebyr, påpeikar han. Dette er fordi tidshorisonten er lang og du får effekten av renter på rentene.  

Ser du at du i dag betaler høge gebyr på sparinga di og vurderer å flytte pensjonen over på ein individuell avtale, kan du samanlikne tilbod på Finansportalen.  

Du kan også vurdere å samle sparinga hos éin aktør.  

Jensen tilrår å spare pensjon i globale indeksfond. Her vil gebyra ligge på rundt 0,2 – 0,6 prosent.  

– Dette er noko av det billegaste du får, samtidig som det balanserer sjansane for gevinst og risiko på ein god måte.  

Råd 3: Vurder å endre eksisterande sparing.  

Etter at du har skaffa deg ei oversikt, kan du gjere tilpassingar. Dei fleste har investeringsval på pensjonen sin – unntaket er dei som jobbar i offentleg sektor, dei som har fripolisar og dei som er dekka av ei ytingsordning, ifølgje Jensen.  

Er du under 55 år, bør du spare med minst 80 prosent aksjedelar i fond, meiner Revheim.  

– Enkelte har ein aksjedel på 10 prosent, noko som er katastrofalt på pensjonssparing fordi det varer lenge, seier han men understrekar at det kan vere lurt å redusere risikoen når ein nærmar seg pensjonsalder. 

Ifølgje Jensen finst det ulike meiningar om kor mykje ein bør spare i fond: Nokon vil hevde at alt bør stå i aksjefond, påpeikar han.  

Råd 4: Tenk over korleis du vil leve.  

Kor mykje pengar vil du eigentleg trenge som pensjonist? Dette er det umogleg å gje ein fasit på, ifølgje Jorge B. Jensen.  

– Det finst pensjonistar som berre vil vere på hytta. Så har du dei som har lyst å besøke alle jorda sine sju underverk. Kva som er ein god pensjon, kjem an på korleis du vil leve som pensjonist, seier han.  

Men eit verktøy som «Min pensjon» kan hjelpe deg å lage litt meir realistiske planar for alderdommen, meiner han.  

– Det gjev ei komplett oversikt, både over det du får frå stat, arbeidsgjevar og det du sparer sjølv. 

Råd 5: Opprett eiga pensjonssparing viss det trengst.   

Viss du finn ut at du bør spare privat, tilrår Stian Revheim å spare i aksjefond, utan binding, på ein aksjesparekonto eller investeringskonto.  

– Kall kontoen gjerne «pensjon» og hald han separat frå anna sparing. Det finst utbetalingsløysingar som er innebygde i produkta der du sjølv vel korleis du får pengane utbetalt, for eksempel månadleg, seier han.  

Er du sjølvstendig næringsdrivande, står du på eiga hand, sett bort frå Folketrygda. Det finst ordningar for frivillig innskotspensjon, men desse lønner seg først når du tener over 7,1 G. Tener du mindre enn dette, tilrår Revheim privat sparing.    

Er du medlem i Statens pensjonskasse, kan du ikkje endre investeringane: Avkastinga vil bli lik lønnsveksten, og i utgangspunktet bør du derfor spare meir på eiga hand. Samtidig betyr medlemsskap her livslang utbetaling. Ved innskotspensjon, som er vanleg i privat næringsliv, kan du rekne med ein knekk i utbetalingane når du rundar 77, med mindre du sjølv endrar utbetalingsperioden.