
Får rentekrav seint og tidleg
Banktilsette landet rundt møter krav om rentekutt frå stadig meir pågåande kundar. Pågangen skjer døgnet rundt og overalt, til dømes i kassakøen på butikken.
Det er rentefeber i Norge. I alle kanalar er merksemda retta mot Grev Wedelsplass i Oslo og sentralbansjef Ida Wolden Bache når ho kunngjer rentefastsetjinga.
– Dette var som venta. Vi hadde tru på ein auke på 0,25, og er eigentleg litt letta over at det ikkje vart 0,5, seier banksjef Mette Ryste i Sparebank 1 SMN avdeling Volda og Stryn. Finansfokus møter henne og to medarbeidarar, Torill Mina Aaland og Lars Johan Holsvik i det den nye renta kjem opp på skjermen.
Ute i bankane i by og bygd har dei tilsette førebudd seg på råkjør straks rentemeldinga er offentleggjort. Spesielt travelt er det for finansrådgjevarane som tek mot en stri straum rentekrav frå kundane.
Allereie kort tid etter kunngjeringa frå sentralbanken byrjar telefonane og meldingane å kome inn. Sjølv om pågangen gjerne er større når renta fell enn når ho stig, ventar banktilsette eit jamt trykk utover maidagane.
– Og når folk får brevet med dei nye satsane, då kjem dei for alvor attende med krav om rentejustering.
Det manglar heller ikkje på inspirasjon for kundane til å legge press på banken. Eksempelvis direktør Mette Fossum i Forbrukerrådet, som i timane før rentekunngjeringa går på lufta med krystallklart råd til låntakarane om å true med å byte bank dersom ikkje renta blir justert ned.
Kundane har endra seg
Det som særleg har endra seg dei siste åra, er måten kundane tek kontakt på. Der ein tidlegare opplevde meir forsiktige førespurnader, er tonen i dag ofte meir direkte og kravprega.
– Før kunne det vere «kan du vere så snill å sjå på renta mi». No er det meir rett fram krav om lågare rente, ofte med ein gong, fortel banskjef Rysted.

Dette skuldast til dels auka merksemd rundt renter og personleg økonomi i media, samt påverknad frå sosiale medium. Mange kundar møter nærmast ferdig formulerte krav – ofte inspirerte av råd frå nettforum eller kunstig intelligens.
– Vi ser at folk brukar verktøy som ChatGPT og ulike malar for å sende krav til banken. Det gjer at førespurnadene kjem raskare og meir spissa.
Rentepågang seint og tidleg
For banktilsette betyr dette også ein meir omskifteleg arbeidskvardag. Førespurnader kjem ikkje berre i arbeidstida, men også på kveld, helg – og i nokre tilfelle på heilagdagar.
– Folk brukar alle kanalar. Messenger, privat e-post, telefon. Vi må setje grenser, elles blir ein tilgjengeleg 24/7, seier Torill Mina Aaland. Ho er finansrådgjevar for privatkundar. Kollega Lars Johan Holsvik stadfester denne trenden i kundetilnærminga.
«Du kan stå i kassa på butikken og neste i køen ber om å få sett ned renta der og då.»
Mange kundar reagerer sterkt på renteendringar, fordi konsekvensane merkast direkte i hushaldsøkonomien.
– For nokre betyr det fleire tusen kroner ekstra i månaden. Vi forstår at det skapar frustrasjon, og vi blir gjerne den dei rettar frustrasjonen mot, seier Holsvik.
Nye strategiar blant kundane
Ein tydeleg trend er òg at kundane i større grad freistar å forhandle om lågare rente før ein venta renteauke. Dette er blant nye grep frå ein del kundar.
– Folk vil ha renta så låg som mogleg før ho går opp, slik at dei startar frå eit betre utgangspunkt, forklarer Aaland.
Særleg unge førstegongskjøparar av bustad er ei gruppe som er godt informert og mange av dei er offensive i forhandlingar. Dei samanliknar prisar, brukar finansportalar aktivt og ventar gode vilkår.
Samstundes er det ikkje berre dei med trong økonomi som tek kontakt. – Vi har også kundar som forhandlar på vegne av fleire låntakarar i heile familien. Då handlar det ikkje nødvendigvis om behov, men om prinsipp frå denne type kunde, seier banksjef Ryste.
Rentekrava florerer
I små lokalsamfunn blir grensa mellom jobb og fritid lett viska ut. Bankmedarbeidarene i Volda fortel at dei jamleg blir stoppa i butikken og ellers på fritida av kundar som vil snakke om renta.
– Du kan stå i kassa på butikken og neste i køen ber om å få sett ned renta der og då. Det er ganske spesielt, seier Aaland.
Når rentefeberen rasar som verst, er det godt å ha eit fellesskap mellom gode kollegaer å støtte seg på. – Vi hjelper kvarandre, diskuterer svar og får ut litt frustrasjon. Det er viktig for å halde humøret oppe.
Hekta på renta
Dei tre kollegaene i SMN tykkjer om mange kundar som er altfor hekta på berre renta. Mange heng seg opp den, men overser samstundes andre forhold som kan ha større innverknad på den personlege økonomien.
– Det er kundar som kranglar på renta, men som samstundes har store beløp ståande til null rente. Eller som kan spare meir på å gå gjennom forsikringar og andre privatøkonomiske avtalar, seier banksjef Ryste.
Trass i presset understrekar dei banktilsette at jobben også gjev mange positive møte med kundar. – Vi har mange gode samtalar og ønskjer å gi heilskapleg rådgiving. Renta er viktig, men ho er ikkje alt, seier rådgjevar Holsvik.
Med vidare usikkerheit kring renta i marknaden ventar bankane at trykket frå kundane vil halde fram. Og éin ting er sikkert: Når renta rører på seg, reagerer kundane – raskare og tydelegare enn nokon gong.
FAKTA
Styringsrenten blir fastsett av Norges Banks komité for pengepolitikk og finansiell stabilitet. Dei ny rentesatsane gjeld frå 8. mai 2026 er
Styringsrente: 4,25 prosent
Døgnlånsrente: 5,25 prosent
Reserverente: 3,25 prosent
Sentralbanksjef Ida Wolden Bache og komitéen baserer seg i mai 2026 på at renta vil være mellom 4,25 og 4,5 prosent ved utgangen av året. Spesielt krigen i Midtøsten skaper framleis stor usikkerheit om dei økonomiske utsiktene, ifølge Bache.
