FULL FYR: Når prisane stig, blir skadar dyrare, og prisen på forsikringane stig. Dette gjev auka premieinntekter til forsikringsselskapa.  (Illustrasjonsfoto: Tryg.)

Kundar kuttar i forsikringane

Forsikringsselskapet If opplevde ein auke i kansellerte forsikringar i 2022. Likevel kunne dei rapportere om eit rekordresultat då året var omme.  

    

I 2022 hadde If mellom 5 og 15 prosent fleire forsikringskanselleringar enn i 2021; talet varierte med type forsikring.  

Vi er Nordens største forsikringsselskap, så trendar hos oss bruker å gje ein indikasjon på kva som skjer i bransjen.

Andreas Handeland, If

– Det er lite som tydar på at desse kundane teikna forsikring andre stader. Det ser heller ut til at dei har kansellert for å spare pengar i ei tøff tid, som eitt av mange sparetiltak, seier kommunikasjonsdirektør Andreas Handeland.  

Han understrekar at dette er ei bransjeutfordring. 

– Vi er Nordens største forsikringsselskap, så trendar hos oss bruker å gje ein indikasjon på kva som skjer i bransjen. 

– NATURLEG AT FOLK VIL SPARE  

Mot slutten av 2022 roa det seg litt med kanselleringane, fortel han. Då såg selskapet ei dreiing mot at kundane heller tok kontakt og fekk gjort justeringar på dekninga si.  

– Vi er mykje ute og kommuniserer at det er nettopp i tøffe tider at forsikringa kan bli ekstra aktuell, og vi oppmodar folk til heller å ta ein gjennomgang og nedjustere dekninga litt, i staden for å seie opp forsikringa. Dette er det mange som lyttar til.  

FLEIRE KANSELLERINGAR: I 2022 opplevde If fleire forsikringskanselleringar enn året før, men det roa seg på slutten av året. – Vi oppmodar folk til heller å ta ein gjennomgang og nedjustere dekninga litt, i staden for å seie opp forsikringa. Dette er det mange som lyttar til, seier Andreas Handeland. (Foto: If)  

Han presiserer at det ikkje berre er folk med dårleg råd som tar kontakt.  

– Med det politiske og økonomiske biletet vi ser i verda, er det naturleg at folk ønskjer å sjå kvar dei kan spare inn. Kundane skal alltid kunne kontakte oss og få god hjelp, slik at dei har god oversikt over forsikringsdekninga si. 

REKORDRESULTAT LIKEVEL 

Likevel: If går så det susar. I ei pressemelding selskapet nyleg sendte ut meldast det om eit rekordresultat i 2022 med vekst på totalt 7,2 prosent. Ein del av veksten kan forklarast med inflasjon, ein annan med organisk vekst, altså auka utbyte og sal.  

Den største premieveksten finn ein innan eigedoms- og personforsikring.  

«Antallet som ringer inn til kundeservice for en gjennomgang av forsikringene sine øker, men If ser ingen effekt på salget eller i kundenes forsikringsdekninger,» skriv selskapet dessutan.  

– Kva då med det auka talet på kanselleringar?  

– Sjølv om det var nokre prosent fleire som kansellerte forsikringane sine i 2022 enn i 2021, går salet av nye forsikringar framleis veldig bra. Vi veks på alle forsikringsområde, seier Handeland.  

VIL IKKJE RØPE TAL  

Ein ringe- og e-postrunde til fire andre forsikringsselskap gjev eit blanda resultat. Både Fremtind, If, Storebrand og Gjensidige fortel om auka pågang frå kundar som vil seie opp forsikringar eller diskutere pris eller innhald i forsikringane.  

– Vi blir oftare kontakta av kundar som merkar at økonomien er trongare, både dei som allereie har forsikring hos oss og dei som er kundar i andre forsikringsselskap, som undersøkjer prisar hos oss og andre, seier skadeførebyggjar Therese Hofstad-Nielsen i Fremtind.  

Men tala vil ho ikkje seie noko om. Det vil heller ikkje Gjensidige.  

DET STORE SPØRSMÅLET 

Tryg kan fortelje at usikre tider pregar meir og meir av kundesamtalane.  

– Kva skjer med nordmenn sine forsikringar no?  

HELT NORMALT: – Vi ser foreløpig ikkje noko konkret i tala våre som tilseier at forsikringar seiast opp unormalt mykje, eller at ein går ned i dekningsnivå, seier Jostein W. Damminger i Tryg. (Foto: Tryg.)  

– Det er 10.000-kronersspørsmålet. Vi har sett på det. Men vi ser foreløpig ikkje noko konkret i tala våre som tilseier at forsikringar seiast opp unormalt mykje, eller at ein går ned i dekningsnivå, seier Jostein W. Damminger, direktør for Pris, produkt og analyse i privatmarknadsdivisjonen i Tryg.  

Han legg til:  

– Men vi følgjer nøye med, for det kan vere litt tregleik i tala.  

Storebrand fortel at deira situasjon er litt spesiell: Nokon fleire kundar har tatt kontakt, og ein del har redusert erstatningssummane. Men selskapet har konsentrert seg om pensjon dei siste åra og har berre seks prosent av forsikringsmarknaden. Dei aukar no satsinga på forsikring og har difor hatt ein solid vekst i talet på forsikringar.    

TURBULENS OG PRISVEKST  

Det er merkelege tider, også i forsikringsbransjen. Då pandemien kom til Noreg i 2020, vart utslaga på forsikringar store. Folk avbestilte planlagde reiser i stor skala slik at utbetalingane på reiseforsikringa gjekk i taket våren og forsommaren 2020. Samtidig sank biltrafikken drastisk, noko som ga færre skadar. I dag er både reiseverksemda og bilkøyringa nokon lunde attende på normalt nivå, ifølgje Jostein W. Damminger i Tryg.   

Vi følgjer nøye med.

Jostein W. Damminger, Tryg

Men så fekk vi ein prisvekst som vi ikkje har sett på 30-40 år. Ifølgje Statistisk sentralbyrå gjekk Konsumprisindeksen (KPI) opp med 5,8 prosent frå 2021 til 2022. Det påverkar alle, også forsikringskundane.  

Sjølv om forsikringsselskapa merkar turbulensen, kan dei glede seg over at prisvekst også betyr dyrare forsikringar og auka inntekter.  

Gjensidige fortalde i januar 2023 om «solide forsikringsresultat i fjerde kvartal og for året som helhet», og ein sterkare auke i premieinntektene enn venta. Samtidig var skadeutgiftene høgare.  

Også Fremtind auka bestandspremien med 7,7 prosent i 2022 i forhold til året før, sjølv om skadeutgiftene steig. I Tryg-konsernet var premieveksten i Skandinavia på 5,9 prosent.