TA KONTAKT: Roger Lund Antonesen i SpareBank 1 SR-Bank oppmodar kundar til å kontakte banken. (Foto: SpareBank 1 SR-Bank / Jan Inge Haga)

Kraftig auke i avdragsfridom

Stadig fleire nordmenn slit med å betale renter og avdrag på lån. I Nordea har talet på søknadar om avdragsfridom dobla seg sidan våren 2022. Det viser ei kartlegging Finansfokus har gjort hos et utval bankar.

Det er ikkje berre kundane i Nordea som slit økonomisk. Det same gjeld mange kundar i SpareBank 1 SR-Bank, Danske Bank, Sbanken og DNB: Renteaukane og høgare prisar fører til at pengane ikkje strekk til. Fleire enn før søker difor om avdragsfridom, og enkelte sluttar å betale på lånet utan å melde frå.

200 SØKNADAR I VEKA

– Det som er viktig framover, er at kundane ikkje er redde for å ta kontakt, seier Roger Lund Antonesen, konserndirektør Personmarked i SpareBank 1 SR-Bank.

Fram til sommaren var det under 150 søknader i veka, fortel han.

– No, etter ei rekkje rentehopp, er det over 200 i veka. Talet har stige jamt i takt med renteaukane.

DOBLING I NORDEA

Anja Lohne Holm, senior kommunikasjonsrådgjevar i Nordea, fortel at talet på søknader dobla seg hausten 2022 sett i forhold til våren, og trenden held fram i 2023.

Det er eit økonomisk taktskifte for mange nordmenn som vi ikkje har sett på svært lang tid

Anja Lohne Holm, Nordea

– Det er eit økonomisk taktskifte for mange nordmenn som vi ikkje har sett på svært lang tid. I ei undersøking gjort for Nordea rett før jul såg vi at nordmenn kjenner på ei stor økonomisk usikkerheit, for eksempel svarer éin av fire at dei låner pengar for å betale nødvendige utgifter som mat og straum.

FIRE AV FEM FÅR JA

Danske Bank Norge skildrar auken i søknader om avdragsfridom siste året som «solid». Sbanken ASA opplevde ein auke på rundt 10 prosent i siste halvår 2022 samanlikna med første. DNB konstaterer berre ein auke.

I Nordea får rundt fire av fem ja på søknadene om avdragsfridom; dette er det føringane frå utlånsforskrifta som avgjer, ifølgje Lohne Holm.

– Vi vurderer sak for sak for å finne den beste moglege løysinga. Avdragsfridom er ei kortsiktig løysing og berre eitt av verktøya vi kan bruke viss kundar opplever vesentleg redusert inntekt eller auka kostnader i ein periode, seier ho.

– MANGE VERDSET EIN PRAT

– Kva skjer med dei som får avslag på utsetjing av lånet?

– I samtalar og møte med kundane ser vi på totaløkonomien for å få eit komplett bilete av kunden sin finansielle situasjon. Med auka prisar er det mange kundar som verdset å snakke med ein rådgjevar om budsjett og kva moglegheiter dei har for å kunne få ei betre oversikt og kontroll over økonomien.

KORTSIKTIG LØYSING: – Avdragsfridom er ei kortsiktig løysing og berre eitt av verktøya vi kan bruke, seier Anja Lohne Holm i Nordea. (Foto: Silje Pileberg)

Det er også mange kundar som brukar budsjett-funksjonen i Nordea sin mobilbank. Denne gjev ei god innsikt i kva ein brukar pengar på, legg ho til.

BLIR DYRARE TIL SLUTT

Ifølgje utlånsforskrifta har kunden rett på avdragsfridom viss lånegraden er innanfor 60 prosent av totalsummen. I slike tilfelle kan kunden stort sett ordne avdragsfridomen sjølv, men innanfor dei rammene som gjeld, ifølgje Øystein Tjelta, teamleiar i Sbanken ASA. Er lånegraden større, kan banken gjere unntak, men saka må då innom ein sakshandsamar, legg han til.

DYRERE LÅN: – Med avdragsfridom blir totalprisen på lånet dyrare, påpeikar Øystein Tjelta i Sbanken. (Foto: Sbanken)

Medan det i Nordea i januar 2023 kostar 500 kroner å etablere avdragsfridom, er dette gratis i Sbanken.

– Men kunden bør likevel vere klar over at ein ved å utsetje avdraga vil betale meir renter, seier Tjelta.

GLAD FOR FLEKSIBILITETSKVOTA

Trond Prestø, divisjonsdirektør i DNB kundesenter, fortel at dei fleste som søkjer om avdragsfridom i DNB kan hjelpast innanfor utlånsforskrifta.

– Men vi forsøker også å imøtekome dei vi må bryte med forskrifta for å hjelpe. Då bruker vi den såkalla fleksibilitetskvota, vi er glade for at denne gjev oss rommet til å hjelpe kundar som har utfordringar.

VENTAR AUKE: Når renteendringane får full effekt på terminbeløpet kundane betaler, ventar divisjonsdirektør Trond Prestø i DNBs kundesenter ein auke i søknadene om avdragsfridom. (Foto: Stig B. Fiksdal)

Fleksibilitetskvota inneber at ein viss del av banken sine utlån kan bryte med enkeltkrava i utlånsforskrifta. I Oslo er kvota 8 prosent, andre stader er ho på 10 prosent .

Når renteendringane får full effekt på terminbeløpet kundane betaler, ventar Prestø ein auke i søknadene om avdragsfridom.

– Når det er sagt, ser vi at mange av kundane våre har spart opp ein god buffer dei siste åra.

NOKON SLUTTAR Å BETALE

Ifølgje dei fem bankane Finansfokus har vore i kontakt med, skjer det ikkje hyppig at kundar sluttar å betale på lånet utan å kontakte banken. Men det hender av og til, og i Nordea tar banken då kontakt med dei det gjeld.

– Vi har fleire verktøy i verktøykassa og klarer å hjelpe dei fleste, seier Anja Lohne Holm.

I SpareBank 1 SR-Bank får kunden i slike tilfelle ein sms med oppmoding om å ta kontakt med banken viss dei har økonomiske problem.

– Dersom det ikkje er respons på dette, forsøker vi å kontakte kundane i god tid for å finne ei løysing før lånet eventuelt sendast til inkasso, seier Roger Lund Antonesen. 

– TA KONTAKT I GOD TID!  

Dei talspersonane Finansfokus har vore i kontakt med, oppmodar kundar til å ta kontakt viss det begynner å stramme seg til.

Ifølgje kommunikasjonsdirektør Øystein Schmidt i Danske Bank Norge ønskjer banken å få kontakt «så raskt som overhodet mulig».

TØFFERE TIDER: – I tøffare tider er tett dialog alfa og omega, seier Øystein Schmidt i Danske Bank Norge. (Foto: Danske Bank/Sturlason)

– I tøffare tider er tett dialog alfa og omega. Og ofte kan det finnast løysingar som ein midt i ein uoversiktleg prosess ikkje ser, seier han og legg til:

Ofte kan det finnast løysingar som ein midt i ein uoversiktleg prosess ikkje ser.

Øystein Schmidt, Danske Bank

– Vi har sett fleire eksempel på djupt frustrerte kundar som har kontakta oss og gjennom dialog med banken har funne vegar ut av eit uføre dei nesten hadde gjeve opp å løyse, seier Øystein Schmidt i Danske Bank Norge.