BYGGJER NY BANK: Beate Kjøde er tilsett som banksjef for avdelinga til SpareBank 1 Søre Sunnmøre i Stryn. Førebels er det ein byggeplass, men i slutten av februar eller byrjinga av mars skal her vere eit topp moderne banklokale med inngang frå gateplan. I byrjinga er planen at banksjef Kjøde og to andre tilsette skal ha arbeidsplass på kontoret. Målet er at det skal bli fleire. (Alle fotos: Jørn-Arne Tomasgard)

Satsar meir i vest trass varsel om krisetider

SpareBank1 SMN tek eit kraftig jafs sørover Vestlandet med omstridt fusjon på Sunnmøre og etablering av ny avdeling i Stryn. – Vi let oss ikkje forstyrre av syklusar i marknaden, og at det for tida er usikre tider i økonomien, seier André Skotheim, banksjef i SpareBank1 Søre Sunnmøre i Volda.

STRYN: I Tinggata 17 midt i Stryn sentrum er SpareBank 1 Søre Sunnmøre i ferd med å byggje opp eit 160 kvadratmeter stort avdelingskontor på gateplan i eit eksisterande forretningsbygg.

Se videointervju med Beate Kjøde:

Siviløkonom Beate Kjøde er nytilsett sjef for avdelingskontoret som banken tek sikte på å opne i løpet av vinteren. Eksakt dato for opninga er ikkje fastsett, men Kjøde meiner det kan vere realistisk å opne dørene i slutten av februar eller byrjinga av mars. Då Finansfokus var innom lokalet rett før jul, var det byggjeplass, med rørleggjar, elektrikar og brannvernmontør i sving.  

I tillegg til Kjøde sjølv, er det tilsett to medarbeidarar som etter planen skal ha kontorstad Stryn. Desse jobbar førebels på hovudkontoret i Volda.

I tillegg til banktenester for privat- og næringskundar, tilbyr SpareBank 1 Søre Sunnmøre tenester innan eigedomsmekling, og forsikring gjennom Fremtind.

– Vi må sjå korleis utviklinga blir, men målet er fem til sju arbeidsplassar ved kontoret etter kvart, seier Kjøde.

TO BANKAR FUSJONERER

Samstundes som SpareBank1 Søre Sunnmøre med hovudkontor i Volda og avdelingar i Ørsta, Ulstein og Herøy ekspanderer sørover over fylkesgrensa til Stryn, blir det jobba med fusjon med SpareBank 1 SMN med hovudkontor i Trondheim.

Fusjonen har vore omstridd på Søre Sunnmøre, men alt tyder på at han blir gjennomført. Representantskapet og generalforsamlinga i høvesvis SpareBank 1 SMN og SpareBank 1 Søre Sunnmøre gav i møtet 9. november tilslutning til at bankane blir slått saman ved at eigedelar, rettar og forpliktingar i SpareBank 1 Søre Sunnmøre blir overdregne til SpareBank 1 SMN. Eksisterande eigenkapitalbeviseigarar i den fusjonerte banken får eigenkapitalbevis i SpareBank 1 SMN som vederlag. I ei pressemelding frå partane går det fram at nødvendige godkjenningar frå myndigheiter og kontraktspartar er ein føresetnad. Fusjonen skal gjennomførast andre kvartal 2023.

15 stemte for, medan fem stemte mot fusjonen lokalt på Søre Sunnmøre. Fusjonen kravde to tredels fleirtal, det vil seie at vedtaket vart gjort med to røysters margin. Styret, administrasjonen og dei tilsette i Sparebank 1 Søre Sunnmøre har tilrådd samanslåinga.

SIKTAR MOT SOGNEFJORDEN

SpareBank 1 SMN har frå før kontor i Førde i Sunnfjord. Det vil seie at med den pågåande fusjonen og utvidinga med avdelingskontor i Stryn, har SpareBank 1 SMN fylt eit tomrom i marknaden mellom Ålesund og Førde. At dei to bankane ikkje overlappa kvarandre, slik at ein ser ut til å unngå nedlegging av kontor, har vore eit argument for å få fusjonen gjennom. I staden er planen ekspansjon. Slik sett er kontoret i Stryn første steg på vegen.

– Vi har planar om å ekspandere vidare til Sognefjorden. I første omgang opnar vi kontoret i Stryn. Så får vi sjå utviklinga vidare. Ingen ting er konkret, seier André Skotheim, banksjef for personmarknad i SpareBank 1 Søre Sunnmøre. Han er med i intervjuet på videolink frå hovudkontoret i Volda, på ein PC avdelingsbanksjef Kjøde slår opp på byggjeplassen.

Vi let oss ikkje forstyrre av syklusar i marknaden, og at det for tida er usikre tider i økonomien.

André Skotheim, SpareBank 1 Søre Sunnmøre

– Avdelingskontoret i Stryn er ei utvikling vi gjennomfører uavhengig av fusjonen. Men det høver godt inn i den vidare strategien. At vi blir ein større aktør er med og styrker satsinga vår sørover. Vi har allereie ein «fot i døra» i Stryn sidan mange sunnmøringar har hytte i området. Det har alltid vore tette næringslivsband over fylkesgrensa frå Sunnmøre til Nordfjord. Vi er komne endå tettare på kvarandre gjennom Kvivsvegen som gjer at reisetida er korta ned. Så vi håpar vi blir tekne godt imot. Målet vårt er å bidra til utvikling, seier Skotheim.

SATSAR HEILHJARTA: André Skotheim er banksjef for privatmarknad i SpareBank 1 Søre Sunnmøre og den som har det overordna ansvaret for det nye avdelingskontoret i Stryn.

– Vi satsar heilhjarta og har som mål å skape arbeidsplassar, tilby gode tenester og bidra med sponsorat lokalt. Vi let oss ikkje forstyrre av syklusar i marknaden, og at det for tida er usikre tider i økonomien. Vi trur samfunnet skal utvikle seg, og den utviklinga skal vi vere med på.

FIRE BANKAR I STRYN

Ei vandring i ein omkrins på eit par hundre meter frå der SpareBank 1 SMN avdeling Stryn er i ferd med å etablere seg, illustrerer godt utviklinga i finansnæringa på Vestlandet for tida. Ser ein ut vindauget i Tinggata 17, ser ein rett mot bygget til Sparebanken Sogn og Fjordane i Tonningsgata 9. Dette er gamle Stryn Sparebank og den banken som har lengst historie her. Rett vestover i kjøpesenteret Stryn Torg i Tonningsgata 4 held Sparebanken Vest til. Denne avdelinga vart etablert for nokre år sidan.

I Tonningsgata 14 held Nordea skansen som einaste nasjonale bank. Nordea kom inn som følgje av at Sunnmørsbanken vart overteken av Kredittkassen i 1991. Denne banken var sentralt plassert med store lokaler på gateplan, men er no å finne i andre etasje i forretningsbygget. Ei typisk utvikling i banknæringa i slike større tettstader, er at nasjonale bankar trekker seg ut, medan regionale bankar tek over marknaden ved å vere fysisk etablert. Sparebanken Vest og SpareBank1 SMN ekspanderer i kvar si retning, frå Bergen og Trondheim, og konkurrerer no i dei same marknadene på Sunnmøre og i Sogn og Fjordane.

TRUR TIMINGEN ER GOD

Med etableringa av SpareBank 1 SMN er det i ferd med å bli eit lite finanssenter i Stryn, med fire bankar rundt krysset der Tinggata og Tonningsgata møtes.

– Vi skal inn i ein marknad med tøff konkurranse der dei andre allereie er etablert. Det er gode bankar med flinke folk, men vi skal konkurrere og har tru på at vi skal ta vår del av marknaden. Vi blir del av den landsomfattande SpareBank 1-kjeden som ikkje er i Stryn frå før, og vi skal gje eit attraktivt tilbod til kundane, lovar Kjøde.

HARD KONKURRANSE: Beate Kjøde skal leie satsinga til SpareBank 1 Søre Sunnmøre i Stryn frå lokala bak vindauget til venstre. Banken er i ferd med å fusjonere med SpareBank 1 SMN. I bakgrunnen ser vi bygget der Sparebanken Sogn og Fjordane held til. Til høgre i same gate har Sparebanken Vest kontor, og til venstre Nordea.

Ho trur timingen er god, både med omsyn til at dei blir ein del av ein større bank, og at det er urolege tider økonomisk i samfunnet med stigande renter. Ho er heller ikkje uroa over at bankar seier opp tilsette. Dagen etter vi var i Stryn, kom nyheita om at amerikanske Goldman Sachs seier opp inntil 4.000 tilsette.

– For vår del trur eg det er bra at vi får ein endå større bank som eigar når vi skal etablere oss som ny aktør. At det er usikre tider i økonomien der mange kjenner på utryggleik for eigen økonomi, kan også gje nokre moglegheiter. Eg trur timingen for etablering er god.

At det er usikre tider i økonomien der mange kjenner på utryggleik for eigen økonomi, kan også gje nokre moglegheiter.

Beate Kjøde, avdelingsbanksjef

Etter siviløkonomstudiar ved NHH og masterstudiar i rekneskap og revisjon flytta Kjøde frå Bergen til Stryn i 2013. Fram til no har ho jobba med revisjon og rådgjeving i PwC i Stryn.

– Eg jobba sju-åtte år i PwC og likte meg godt. Men då denne moglegheita til å vere med og etablere ein ny bank dukka opp, var det ei så spanande utfordring at eg valde å bli med. Det har å gjere med moglegheita til å byggje noko nytt og vere med og utvikle regionen.

Fakta: Finansbekymringer i en krisetid

  • Finansfokus tar i en serie artikler opp hvordan de mange faresignalene i økonomien slår ut for bedrifter i finanssektoren. Mot slutten av fjoråret kom Finanstilsynets sjef Morten Baltzersen med sin hittil sterkeste bekymringer med hensyn til norske bankers evne til å motstå en voksende krise i økonomien.
  • I den halvårlige analysen “Finansielt utsyn” omtales situasjonen slik: «Etter Finanstilsynets vurdering er det økt fare for finansiell ustabilitet i tiden framover. Krigen i Ukraina, virkninger av koronapandemien og høy inflasjon bidrar til stor økonomisk og finansiell usikkerhet. Høy gjeld i norske husholdninger og høye priser på boliger og næringseiendom utgjør fortsatt de viktigste sårbarhetene i det norske finansielle systemet.»
  • Om bankenes soliditet uttalte Baltzersen dette: «Finanstilsynet forventer at norske banker i sin kapitalplanlegging tar høyde for tap som kan inntreffe i et stagflasjonsscenario med kraftig renteoppgang, økt arbeidsledighet og krakk i eiendomsmarkedene.»
  • Finanstilsynets sjef pekte særskilt på faren for cyberangrep mot finansnæringen: «Risikoen for større cyberhendelser med alvorlige konsekvenser har økt. Slike hendelser kan ha store konsekvenser for finansiell infrastruktur, særlig om de rammer kritiske funksjoner i det finansielle systemet.»
  • Tidligere artikler:
  • Bank-Norge deler ikke Finanstilsynets frykt (4. jan)
  • Feil å sammenligne med den store bankkrisen (9.jan)
  • Politikerne uenige om bankregulering (13. jan)