VEKST-CASE: Hovudtillitsvalt Runar Gretland i SpareBank 1 Søre Sunnmøre stiller seg framleis bak fusjonsplanane med SpareBank 1 SMN, trass i at det har vakse fram lokal motstand i Volda- og Ørsta-området. FOTO: SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

Stiller seg bak fusjonsplanar trass lokal motstand

På Søre Sunnmøre har fusjonsplanane mellom SpareBank 1 Søre Sunnmøre og SpareBank 1 SMN vekt engasjement. Dei tillitsvalde stiller seg likevel bak planane.

– Det er bra med engasjement. Også frå dei tilsette er det stilt kritiske spørsmål. Men vi opplever at det blir gjeve gode svar. Vi er fire tillitsvalde i Finansforbundet i SpareBank 1 Søre Sunnmøre, og vi stiller oss bak og støttar fusjonsplanane. Inntrykket er at dei tilsette uttrykker at dette kan vere bra. Men vi er nærmare 50 fagorganiserte i Finansforbundet, og 67 tilsette totalt i banken, så det er vanskeleg å vite kva alle tenker og meiner, seier hovudtillitsvalt Runar Gretland i SpareBank 1 Søre Sunnmøre.

Etter at fusjonsplanane vart kjent i juni, var det lenge stille. Men i september vakna engasjementet. Tidlegare administrerande direktør og styreleiar i SpareBank 1 Søre Sunnmøre Harald Indresøvde tok til motmæle mot fusjonen i eit lesarinnlegg i Møre-Nytt 6. september. To veker etter kasta mangeårig forretningsmann Tor Olsen seg på med eit innlegg i same avis med tittelen «Stopp fusjonen!». I innlegget går det fram at han har vore kunde i banken i 70 år og styreleiar i sju år.

TRUR PÅ VEKST

Gretland innser at det nok er ein del lokal motstand mot fusjonen.

– Det er ein bank med 170 års historie i Volda og Ørsta og som etter kvart har vakse til fleire kommunar i regionen. Det var stille lenge etter at fusjonsplanane vart offentleggjort. Motstanden starta med innlegget til Indresøvde som er ein person med tyngde og som blir lytta til. Samstundes sit vi som er tett på prosessen med ein del kunnskap som folk på utsida ikkje ser. Banknæringa endrar seg raskt, det er ikkje sikkert at banken uansett blir som han er i dag dei neste fem åra. Grunnen til at vi tilsette stiller oss bak dette, er at vi ser ein del utfordringar framover. Det går på konkurransebiletet generelt, nye og strenge regulatoriske krav frå myndigheitene, og vekstmoglegheiter. Vi trur det også kan gje oss tilsette ein del nye moglegheiter, seier Gretland.

– Det ein ofte ser med slike fusjonar er kostnadsreduksjon, effektivisering og flytting av makt. Her er det heller snakk om eit vekst-case, der det heller vil bli fleire enn færre arbeidsplassar i vår region.

GODE RESULTAT

SpareBank 1 Søre Sunnmøre har levert gode tal i ei årrekke. I første halvår hadde Banken eit resultat før skatt i første halvår på 83,4 millionar kroner. SpareBank 1 SMN presterte på si side eit resultat på 880 millionar kroner før skatt same tidsrom.

Her er det heller snakk om eit vekst-case, der det heller vil bli fleire enn færre arbeidsplassar i vår region.

Runar Gretland, hovudtillitsvald, SpareBank 1 Søre Sunnmøre

Ei endeleg avgjerd om samanslåing skal etter planen skje i november. Planen er å opprette regionen Sunnmøre og Fjordane som ein eigen divisjon, med hovudkontor og leiing i Volda. Divisjonen vil bli leia av ein konserndirektør som vil inngå i konsernleiinga i den fusjonerte banken.

SIKKER PÅ NEDBEMANNING

Harald Indresøvde hadde ikkje høve til å gje kommentar då vi snakka med han, men viser til lesarinnlegget der synspunkta hans går fram. I innlegget skriv han at det no blir slutt på at sentrale avgjerder blir tatt lokalt.

«Det har i alle år vore bankens overordna mål å vere ein sjølvstendig Sparebank. Det har fleire gongar vore tøft, men banken har klart seg gjennom stormane i finansbransjen. Banken har hatt svært god drift siste åra og har også styrka eigenkapitalen ved å utferde eigenkapitalbevis. Banken har såleis kapitaldekning (soliditet) langt over kravet frå styresmaktene. Det er umulig å finne argument i rekneskap og drift for at denne banken skal gi opp sjølvstendet og bli styrt frå Trondheim. Storleik er heller ikkje noko fusjonsargument. Det er 90 sparebankar i Noreg i dag, over 70 av desse er mindre enn banken vår».

Indresøvde skriv vidare at han er heilt sikker på at det blir nedbemanning, særleg innanfor stabs- og støttefunksjonar.

«All erfaring syner det, sølv om fusjonsdokumenta seier noko anna. Dette betyr tap av kompetansearbeidsplassar».

PERFEKT “MATCH”

Konserntillitsvalt Inge Lindseth i SpareBank 1 SMN seier dei tillitsvalte i dei to bankane samarbeider godt i samband med den planlagde fusjonen.

– Vi skjønar godt at tilsette i SpareBank 1 Søre Sunnmøre stiller spørsmål og kan vere usikre i samband med ein slik prosess. Men vår haldning er at dette er ein perfekt «match». Vi har ikkje overlappande verksemd. Vi kan bidra med ei større eining og ressursar til å løfte større næringslivssatsingar, medan SpareBank 1 Søre Sunnmøre bidrar med at dei er til stades i marknaden på Søre Sunnmøre og i Nordfjord, med sin lokalkunnskap, seier Lindseth.

Han fryktar ikkje nedlegging av kontor og kutt i stillingar.

TRUR PÅ AUKA AKTIVITET

– Eg kan ikkje sjå at det skal bli kutt i stillingar. Eg trur heller vi kan klare å auke aktiviteten slik at det blir behov for fleire.

– SpareBank 1 SMN har erfaringar frå tidlegare fusjonar. Kva har de erfart av kutt i dei tilfella?

– SpareBank 1 SMN er eit resultat av samanslåingar av mange bankar i Midt-Norge, så det har vi vore med på mange gongar. Det som kan vere utfordrande med fusjonar, er overlappande verksemd, altså at bankar som slår seg saman begge har kontor same stad. Då kan det bli krevjande å oppretthalde alle kontor og arbeidsplassar, men det er ikkje tilfelle denne gongen. Vi har to ulike verksemdsområde. Vi har til dømes fleire tilsette i Molde og Ålesund enn det var før dei kom inn i SpareBank 1 SMN.

FORSTÅING: Konserntillitsvalt Inge Lindseth i SpareBank 1 SMN seier han har forståing for at det blir stilt kritiske spørsmål på Søre Sunnmøre rundt fusjonen, men meiner partnerskapet er perfekt «match». FOTO: SPAREBANK 1 SMN

– Kva tenkjer du om at kundar og eigarar i SpareBank 1 Søre Sunnmøre kan få kjensla av å bli slukt av ein mykje større bank, slik det er kome fram i lokalmedia på Søre Sunnmøre?

– Eg tenkjer at det ikkje er tvil om at SpareBank 1 SMN er ein mykje større bank enn SpareBank 1 Søre Sunnmøre. Men samstundes er det heller ikkje tvil om at i deira marknad er det dei som sit på kunnskapen og som er tilstades. Der er det dei som er store.