– Vi trur at dette er starten på ei reise. Den digitale revolusjonen opnar nye moglegheiter, men ingen veit riktig kvar det endar, seier Hanne Hambo Eiken, leiar for avdelinga People i Nordea Norge. (Foto: Nordea)

Framleis fleksibelt i finanssektoren

Mange bedrifter i bank, finans og forsikring legg framleis til rette for heimekontor. – Vi opplever at dei fleste medarbeidarar synest at fleksibiliteten er svært positiv, og det er mange som nyttar seg av det, seier Hanne Hambo Eiken, leiar av avdelinga People i Nordea Norge.

Tekst: Silje Pileberg 

Etter at korona-restriksjonane letna, har Anja Lohne Holm vore mykje på kontoret. Men særleg eitt gode frå heimekontoret vil ho ikkje gje slepp på:

– Eg er glad i å røre på meg, og når det var store fellesmøte i avdelinga, kunne eg gå ein lang og god tur og ha Teams på mobilen. Det tar med meg vidare, seier Lohne Holm, som er kommunikasjonsrådgjevar i Nordea.

Nordea er ei av sju verksemder Finansfokus har tatt kontakt med for å undersøke dagens heimekontor-praksis. Blant dei seks som svarte, har alle opningar for ein fleksibel arbeidskvardag med heimekontor i delar av arbeidstida.

FORNØGDE MEDARBEIDARAR

– Vi opplever at dei fleste medarbeidarar synest at fleksibiliteten er svært positiv, og det er mange som nyttar seg av det, seier Hanne Hambo Eiken, leiar av avdelinga People i Nordea Norge.

Hos dei fire andre verksemdene, DNB, Grong sparebank, Tryg og KLP, er tonen lik. 

– Mange set pris på at det vert lagt til rette for å kunne arbeide heimanfrå, sjølv om nok mange også trivst med å vere på kontoret og treffe kollegaene sine. Hos oss er det stort oppmøte tysdag til torsdag, og litt mindre måndag og fredag, seier Kirsten Grutle, konserndirektør for HR i KLP.

Ingen av bedriftene har trunge å beordre folk attende til kontoret, ifølgje e-post-kommunikasjon.

– Dei fleste tilsette har sete pris på å kome attende. Samtidig har vi som arbeidsgjevar forsøkt å gjere det attraktivt å kome attende, påpeikar Eiken i Nordea Norge.

GODT FOTFESTE

Forskar Mari Holm Ingelsrud ved Arbeidsforskningsinstituttet AFI (OsloMet) har leia arbeidet med rapporten «Hjemme-Borte-Uavgjort» om praksisen med heimekontor under pandemien.

Forskarane gjorde intervju med tilsette og leiarar våren 2021 samt tre rundar med spørjeundersøkingar av tilsette: to i 2021 og den siste i februar 2022. Dei vil følgje utviklinga vidare.

– Heimekontor har fått eit godt fotfeste i norsk arbeidsliv. Vi trur det vil halde fram slik. På tvers av bransjar ser vi at mange tilsette set pris på fleksibiliteten. Dei sparer reisetid, får ein friare kvardag og ei større ro til å gjere arbeidsoppgåvene sine, seier Ingelsrud. 

FINANSFOLK LAGAR AVTALAR

I februar 2022 hadde 27 prosent av tilsette i bank, finans og forsikring ein skriftleg avtale om heimekontor med arbeidsgjevar, ifølgje rapporten.

Bransjen vart berre slått av tilsette i offentleg sentralforvaltning, der 30 prosent hadde ein skriftleg avtale.

På tvers av bransjar vart talet på skriftlege avtalar dobla frå 2021 til 2022. Talet kan også kome til å stige framover: Ei forskrift gjeldande frå 1. juli forpliktar arbeidsgjevarar til å lage skriftlege avtalar om heimearbeid dersom dette er av varig art og ikkje pålagt av styresmaktene.

Avtalen skal mellom anna skildre omfanget av heimearbeidet, arbeidstid, kor lenge det skal vare, eigedomsrett og drift og vedlikehald av utstyr.

KAN GÅ UT OVER FRITIDA

Ingelsrud trur at særleg arbeidstid er noko verksemder vil måtte jobbe med å etablere.

– Under pandemien var det ingen tilsette som hadde fått retningslinjer på når dei skulle jobbe. Folk fekk meir kontroll over si eiga tid, men risikoen er at det kan gå ut over familietid eller fritid, særleg viss krava er høge, seier ho.  

Anja Lohne Holm sin arbeidsplass gjev henne moglegheit til å jobbe to dagar i veka heimanfrå. Ho og teamet hennar er likevel mest på kontoret.

– Der er det lyst og fint, vi trivast saman og får god lunsj i kantina!

EIN KJAPP PRAT PÅ GANGEN

Det er også ein annan fordel, fortel ho.

– Eg treff mange fleire folk der. Gjennom ein kjapp prat på gangen får eg vite om ting eg elles ikkje ville funne ut. Dessutan jobbar kollegaene mine og eg mykje over bordet. Ein får med seg mange fleire nyansar når ein er saman enn når enn berre ser kvarandre over Teams.

Under pandemien fekk kommunikasjonsrådgjevar Anja Lohne Holm augo opp for gåande møte. – Eg lyttar betre når eg går. Er det min tur til å snakke, kan eg berre setje meg ned, seier ho. (Foto: Silje Pileberg)

Når ho skal konsentrere seg, eller når ho har mange nettmøte på éin dag, liker ho å sitje heime. Det same gjeld dagar der familiens timeplan er tett.

– Det er godt å ha fleksibiliteten. Samtidig trur eg mange no også ser verdien av å ha eit fysisk kontor å kome til, seier Lohne Holm.

Undersak:

– Dette er meir komplekst enn vi trudde i starten

Sjølv om verksemder legg til rette for heimekontor, er kontoret framleis hovudarbeidsplassen fleire stader.

– Fleksibelt arbeid er eit tema i rask utvikling. Det handlar ikkje berre om kvar vi jobbar frå, men også når vi jobbar, seier Hanne Hambo Eiken, leiar for avdelinga People i Nordea Norge.

Ho peikar på at kontoret framleis har ein viktig funksjon i bygginga av samhald, felles kultur, kunnskapsdeling og ad-hoc-samarbeid.

– Under pandemien såg vi enkelte selskap gå høgt ut med bodskapar om at dei tilsette i framtida ikkje lenger ville trenge å kome til kontoret. I ettertid har nokon av desse innsett at spørsmålet er langt meir komplekst enn berre eit spørsmål om tekniske moglegheiter.

Som fleire andre finansverksemder har Nordea valt ein hybrid arbeidsmodell, der dei tilsette framleis er på kontoret i stor grad.

BEKYMRA LEIARAR 

Forskar Mari Holm Ingelsrud ved Oslo Met har undersøkt praksisen i ei rekkje norske bedrifter i ulike sektorar. Sjølv om det er mange lovord om heimekontoret, er ein del leiarar også litt bekymra, påpeikar ho.

– Ein del fryktar at heimekontorpraksisen kan gå ut over arbeidsmiljø og kompetanseutvikling. Nokre fryktar også at vidareutviklinga av teneste skal bli skadelidande, til dømes fordi ein ikkje får den same uformelle overføringa av kunnskap dei tilsette imellom. Dette kan særleg gå ut over unge og nye tilsette, seier Ingelsrud.

Også HMS-oppfølging kan vere problematisk når ein ikkje møter arbeidstakarane så ofte, ifølgje fleire av leiarane. 

LÆRER OG LÆRER OPP

Brita Alsos, divisjonsdirektør i DNB People, påpeikar at DNB undervegs i pandemien gjennomførte undersøkingar og anna arbeid for å kartleggje dei tilsette sine ønske, behov og erfaringar.

– Vi tilbyr opplæring for å gjere tilsette tryggare på digitale samhandlingsverktøy, gode og effektive møte og møteromsteknologi, sjølvleiing, leiing på avstand og tryggleik. Vi trur at opplæringa har vore med å gje meistring og effektiv samhandling, seier ho.

DNB vil halde fram med å jobbe innsiktsbasert, teste, trene og eventuelt justere tilbod og tiltak, legg Alsos til.

SLIK PRAKSISERER BEDRIFTENE HJEMMEKONTOR

Nordea

For roller der heimekontor er mogleg, jobbar Nordea for eit gjennomsnitt på tre dagar per veke på kontoret. Heimekontor er frivillig. Heimearbeidet skal skje i Noreg, men det treng ikkje å vere på heimeadressa. 

KLP

Bedrifta legg vekt på fleksibilitet så lenge det ikkje er til hinder for arbeidet. Heimekontor skal skje etter avtale med leiar. I utgangspunktet er heimekontoret den tilsette sin faste bustad.

TRYG

Som prinsipp skal dei tilsette jobbe på kontoret for å skape eit godt arbeidsmiljø. Etter pandemien er det opna for inntil 2 dagar på heimekontor kvar veke, etter skriftleg avtale med nærmaste leiar. Heimekontoret er i arbeidstakar sin bustad.

DNB

Viss arbeidsoppgåvene gjer det mogleg, kan tilsette jobbe heime to dagar i veka. Leiarar har handlingsrom til å gjere eigne vurderingar for sine einingar. Heimekontoret kan vere både på hytta og andre stader, så lenge oppgåvene blir utførte på ein god måte.

Grong sparebank

Tilsette kan ha heimekontor to dagar i veka. Dei fleste avdelingar har ein fast dag der dei treffast på kontoret. I utgangspunktet skal heimekontoret vere i heimen på grunn av tryggleik og teieplikt, men enkeltavtalar kan gjerast.

SpareBank1 SR-Bank

Kontoret er arbeidsplass nummer éin, og heimekontor bør ikkje overstige 50 prosent av arbeidsveka: normalt éin til to dagar i veka. Heimekontoret må vere på folkeregistrert adresse, på grunn av den nye heimekontorforskrifta.