Berit Huseklepp

Min arbeidsdag: Ein skikkeleg gledesspreiar

Berit E. Huseklepp diktar songar til festlege samlingar i banken, skriv helsingar på rim når kollegaer har runde dagar eller skal feirast av ein eller annan grunn. 

Namn/rolle/arbeidsstad/alder:  

Berit E. Huseklepp, webredaktør/marknadskonsulent, Sparebanken Sogn og Fjordane, 64 

Kaffe eller te?   

Te før 12, og kaffi elles. 

Kva har du på nattbordet?  

Mobilen og for tida Michelle Obama: Min historie. 

Når om morgonen begynner du å tenke jobb?  

Når eg møter mitt søvnige fjes på badet. 

Korleis påverkar korona-utbrotet din arbeidskvardag?  

Veldig mykje heimekontor – på godt og vondt. Saknar fysiske møtepunkt med gode kollegaer – både organiserte møte og uformelle treff framfor kaffimaskina. Hundelufting i lunsjpausen uansett ver, er positivt med heimekontorlivet. 

Fortel om en hending på jobb som du husker spesielt godt   

Då alle tilsette stod på stolane sine og «gaula ut» dei tre nye verdiane vår – nær, dyktig og engasjert. Nesten som eit vekkelsesmøte 😊 

Kva er det morosamaste du gjer på jobb?  

Dikte songar til festlege samlingar i banken, eller skrive helsingar på rim når kollegaer har runde dagar, eller skal feirast av ein eller annan grunn.  

Kva gjer du for å holde deg oppdatert i ein bransje med store endringar?  

Tittar på kva andre bankar deler på nett, deltek på webinar og les spennande artiklar som kollegaer deler internt.  Bransjediskusjonar på heimebane med forsikringsmannen min og bankrådgjevarsonen vår. 

Dersom du kunne digitalisert ei tilfeldig arbeidsoppgåve, kva ville du valt?  

Vanskeleg å plukke ut ei bestemt oppgåve, men vi bør bruke identifisering og sikker pålogging med BankID på endå fleire område enn i dag. 

Kva er den største utfordringa i finansbransjen akkurat nå (generelt og der du jobbar)?  

Koronaen har også treft finansnæringa, når mange bedrifter og privatkundar slit. Banken vår har og fått merke det, og har gjennomført eit internt kostnadsprosjekt og «snudd på mange steinar». Utfordrande å vere nær og lokal for kundane våre, når banklokala har vore stengt ned, og vi må raskt finne nye digitale løysingar.   

Kva liker du å gjere på fritida?  

Male akryl/akvarell, strikke og «sprudle» med gode veninner og familien. 

Kven inspirerer deg, og korleis/kvifor? 

 1) Unge menneske – positive og fulle av pågangsmot, men likevel reflekterte og flinke til å lytte. Inspirerande å jobbe i team her i banken med unge kollegaer som tenkjer nytt og spennande, men og er inkluderande. 2) Far min på snart 87 (som er 25 år i hovudet), og stadig vil lære nye ferdigheiter. Googlar matoppskrifter, testar dei ut og sender oss Snap med resultatet. Slik vil eg og ha det når eg blir 80+! 

Kva får deg til å stoppe opp i sosiale media?  

Eit stemningsfullt, treffande bilde, eller ei overskrift som gjer meg nysgjerrig. 

Kva er det lengste du har klart å være utan mobilen? 

1 dag. 

Når logger du av for kvelden?   

Blir nok fort midnatt.