Hovudtillitsvalt Camilla Holvik i Sparebanken Sogn og Fjordane seier dei tilsette er positive til at banken er blitt med i SpareBank 1-alliansen. Dei er førebudd på at det kan bli endringar i arbeidsoppgåver for tilsette.

Framleis nynorsk, men uvisse om utviklingsavdeling

Det skal framleis være nynorsk i Sparebanken Sogn og Fjordane, og ingen tilsette skal miste jobben. Men ikkje alt er klart etter at “fjordbanken” melde seg inn i SpareBank 1-alliansen. Kva som skjer med utviklingsavdelinga er ikkje heilt avklart, og tre av dei tilsette hoppa i sommar av for å starte eiga verksemd.

FØRDE: Den kjende blå logoen med tre toppar i rekkje som symbol på Sunnfjord, Nordfjord og Sogn, blir no historie. Sparebanken Sogn og Fjordane er kjend for å satse på teknologisk utvikling gjennom si eiga utviklingsavdeling der det er bygd opp høg kompetanse. Når dei no går inn i meir standardiserte løysingar i SpareBank 1-systemet, er dette ei av avdelingane der det har vore uvisse.

– Det er snakk om at denne avdelinga skal bli ein del av utviklingsavdelinga i SpareBank 1-systemet. Alt er ikkje heilt klart. Vi hadde ei sak i sommar der tre av dei tilsette i utviklingsavdelinga sa opp jobbane sine og starta sitt eige selskap. Det var medlemmer i Finansforbundet blant dei. Akkurat det var ei litt lei sak, seier hovudtillitsvald Camilla Holvik.

NYNORSK BLIR MED VIDARE

– Då vi skjøna at det kunne gå mot ei endring, var det ein del uvisse. Det gjekk mellom anna på logoen, identiteten, om vi fekk halde på nynorsk språk. Det var kjenslemessige ting. No veit vi at vi skal vere den same banken, i ny drakt. Og vi får halde fram med nynorsk, seier Holvik.

– Per dags dato har eg ikkje fått nokon negative tilbakemeldingar på valet. Responsen er overraskande positiv med tanke på at det er ei stor avgjerd. Vi har hatt tett dialog med Finansforbundet i samband med at vi går inn i alliansen, sidan vi må vere budde på at nokon får nye arbeidsoppgåver når vi skal tilpasse oss nye system. Vi er realistiske. Det er ei uvisse kring kva ein skal jobbe med. Eg trur grunnen til den positive responsen trass dette, er kjensla av at vi bli sterkare når vi står saman med andre.

Vi skal vere den same banken, i ny drakt. Og vi får halde fram med nynorsk.

Camilla Holvik

GJEKK INN MED 630 MILLIONAR

Det var i slutten av april det vart kjent at Sparebanken Sogn og Fjordane kjøper 13 prosent eigardel i SamSpar, noko som gir tilgang til SpareBank 1-alliansen. Banken betaler 630 millionar kroner for å bli medeigar i Noregs største bankallianse. Banken vil framleis vere eigd av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Sparebankstiftinga Fjaler og tilsette i banken. Gåver frå overskotet vil framleis bli delt ut til lokalsamfunnet.

Det er no 14 sjølvstendige sparebankar over heile landet i alliansen, der SpareBank 1 Sogn og Fjordane er den sjette største, ifølgje ei pressemelding frå banken.

Stordriftsfordelar og eit breiare produktspekter vert trekt fram som grunnar til å bli med.

Namnet blir endra til SpareBank 1 Sogn og Fjordane når konverteringa er fullført, etter planen i løpet av 2024. Dette er den største banken i Sogn og Fjordane, med 13 salskontor og 21 bank i butikk-avtalar, i tillegg til kontor i Bergen. Banken er landets niande største sparebank. Rundt halvparten av kundane bur utanfor kjerneområdet. I 2022 kom åtte av ti nye kundar utanfrå.

“OFFENSIVT STRATEGIVAL”

Administrerande direktør Trond Teigene seier til Finansfokus at dei nyleg har skipa til eit arrangement for å markere at dei sparkar i gang endringsprosessen.

– Det er ein svær prosess. Vi er i full gang med eit forprosjekt som skal planlegge konverteringa. Vi reknar med at konverteringa kan skje ein gong etter sommaren 2024.

Adm. dir. Trond Teigene i Sparebanken Sogn og Fjordane seier banken går betre enn nokon gong og at avgjerda om å gå inn i SpareBank 1-alliansen er strategisk offensiv.(FOTO: VIDAR HELLE/SSF)

Ifølgje Teigene leverer banken svært gode resultat for tida. Han omtaler det som eit reint strategisk val.

– Banken går betre enn nokon gong. I andre kvartal leverte vi 17,3 prosent eigenkapitalavkasting, noko eg trur er det beste resultatet blant norske sparebankar. At vi går inn i SpareBank 1-alliansen er eit offensivt strategival. Vi spurte oss kva vi kan gjere for å forsterke og utvikle denne banken med hovudkontor i Sunnfjord. Etter ein lang og grundig prosess kom vi fram til at det å bli ein del av den største norske bankalliansen gir oss eit endå betre utgangspunkt.

STØTTE BLANT TILSETTE

Ifølgje hovudtillitsvalt Camilla Holvik er signala frå dei tilsette at dei støttar avgjerda om å bli ein del av SpareBank 1. Argumenta er at dei kan halde fram som sjølvstendig eining med hovudkontor i Førde, at dei tilsette beheld jobben, og at ein får tilgang til eit større finansielt miljø med betre vilkår for finansiering.

– Vi får tilgang til eit større utviklingsmiljø i ei tid der det å halde følgje med utviklinga blir stadig meir krevjande. Fleire av oss tilsette var med i prosessen fram mot endelig avgjerd, så det kom ikkje som ei stor overrasking på oss då vedtaket om å bli med i SpareBank 1-alliansen vart offentleggjort. Vi hadde eit allmøte 26. april, nokre dagar i forkant, der vi vart gjort kjent med saka. På allmøtet vart det opplyst frå leiinga at ingen vil miste jobben. Det var nok ein del uvisse i forkant, og akkurat det signalet frå leiinga gjorde at vi vart trygge på at det er eit rett val, seier Holvik til Finansfokus.

Vi skjønar sjølvsagt at Sparebanken Vest og Frende er skuffa over at vi tok dette valet.

Trond Teigene, Sparebanken Sogn og Fjordane

BLIR IRB-BANK

At banken er blitt med i SpareBank 1-alliansen gjer at dei no kjem under ordninga med IRB, der bankar kan søkje myndigheitene om å nytte eigne modellar til å rekne kapitalkravet for kredittrisiko.

– Ein av fordelane er at SpareBank 1 gir ein IRB-effekt på privatmarknaden med tanke på kapitaleffektivisering, stadfestar adm. dir. Teigene.

I Førde og Stryn blir det no to bankar med SpareBank 1-logo, sidan SpareBank 1 SMN har kontor dei to stadane. Holvik reknar med at dei vil halde fram å konkurrere.

– Det kan kanskje vere forvirrande med same logoen på begge dørene, men dette er to ulike bankar som skal halde fram å konkurrere.

SPAREBANKEN VEST VONBROTEN

Leiinga i Sparebanken Vest vart ikkje glad for avgjerda, kjem det fram i eit lesarinnlegg i avisa Firda 3. mai signert konsernsjef Jan Erik Kjerpeseth og styreleiar Arild Bødal. Dei to bankane har samarbeidd om forsikringsselskapet Frende som Sparebanken Sogn og Fjordane no går ut av. Dei to meiner Sparebanken Sogn og Fjordane har valt Oslo framfor Vestland. Kjerpeseth har fått høve til å gje kommentar i denne saka.

Hovudtillitsvalt Holvik meiner saka har fleire sider:

– Vi har gjort det slik for å sikre at vi framleis er her, som eigen bank med hovudkontor i Førde. Ein full fusjon ville blitt ein mykje meir omfattande prosess som kunne fått større konsekvensar.

Teigene seier det aldri var aktuelt med ein bankfusjon på Vestlandet, og at det heller ikkje var dialog om det.

– Vi skjønar sjølvsagt at Sparebanken Vest og Frende er skuffa over at vi tok dette valet. Men det var aldri aktuelt å vurdere fusjon med ein større bank som alternativ til å kjøpe oss inn i Samspar og SpareBank 1.