Finans skapar eit digitalt klasseskilje

Eirik Rostad Ness

LESERBREV: Halvparten av den norske befolkninga slit med å halde følgje med den digitale utviklinga. Dessverre forsterkar mange finansføretak det digitale klasseskilje ved å satse einsidig på forretningsmodellar som er best tilpassa dei ressurssterke kundane.

Det digitale skiftet i finansnæringa lar seg ikkje stoppe. Digitale tenester erstattar tradisjonelle tenestetilbod i eit forrykande tempo. Filialnettet byggast ned og kunderådgjevarar erstattast av dataanalytikarar og IT-folk. Den fysiske tilgangen på tenester og rådgjeving reduserast kraftig, og dette rammer sårbare grupper med full tyngde.

Vi må sette «kunden i sentrum», og kunden vil at tenestene våre skal vere enkle, smarte og tilgjengelege heile døgnet. Dette er den rådande ideologi blant private tenesteytarar i dag. Det store spørsmålet er: Kva kundar er det vi snakkar om? Eg vil påstå at altfor mange finansføretak tilpassar seg kundar som i utgangspunktet har ein grei økonomi og gode digitale ferdigheiter. La meg trekke fram fire «kundegrupper» som næringa ikkje fokuserer nok på etter mi meining.

SÅRBARE GRUPPER

Enkelte grupper i samfunnet vårt har store utfordringar med å kommunisere digitalt. Mange rusmisbrukarar, psykisk sjuke og andre som slit med å få endane til å møtast, er avhengige av hjelp. Studiar viser også at ikkje-vestlege innvandrarar har dårligare IKT-ferdigheiter enn andre – uavhengig av utdanningsnivå og bruk av IKT på jobben. Kven skal hjelpe desse gruppene over på nye digitale plattformar? Korleis sikre at sårbare menneske får tilgang til god finansiell rådgjeving, slik at dei på sikt klarer å skape seg ein god økonomi og eit betre liv?

PENSJONISTAR

Dagens pensjonistar er ei ressurssterk gruppe, men mange slit med å tilpasse seg ein ny digital kvardag. Kven skal gi råd og rettleiing til pensjonistane når filialen i nærmiljøet er lagt ned og tenestene digitalisert? 

KVINNER

Forsking syner at kvinner er mindre opptatt av å planlegge eigen pensjon, investere i fond og forhandle på lånerenta og bankgebyret enn menn er. Sjølv om kvinner kan mindre om finans, så er det menn som er dei største forbrukarane av finansielle rådgjevingstenester. Korleis få kvinner til å engasjere seg meir i økonomiske spørsmål og oppsøke finansiell rådgjeving?

UNGDOM

Til tross for at ungdom har gode digitale ferdigheiter, så er dessverre altfor mange av dei «finansielle analfabetar». Kredittkortet og andre lekre produkt er berre eit tastetrykk unna. Stadig fleire unge får økonomiske problem. Dei bombarderast av informasjon på nett, og dei digitale løysingane er enkle, smarte og fint innpakka. Korleis sikrar vi at ungdom får den kunnskapen og innsikta som skal til for å ta kloke økonomiske val?

DEMOKRATISK POTENSIAL

Norsk finansnæring må utnytte forretningsmoglegheitene som ligg i dei nye digitale plattformane. Noko anna ville vere direkte uansvarleg.  Samstundes må vi jobbe for å minimere dei negative effektane utviklinga fører med seg.

Behova for finansiell rådgjeving vil auke i åra som kjem. Derfor er det spesielt viktig at vi ikkje ekskluderer deler av befolkninga frå finansielle tenester og god finansiell rådgjeving. Vi må sikre at alle i samfunnet vårt får tilgang til dei nye teknologiske løysningane. Vi ønskjer ikkje eit samfunn kor dei som forstår den nye teknologien og veit korleis dei kan bruke den, får eit betre og enklare liv, mens alle dei andre får ein tøffare kvardag. I tillegg må vi i næringa erkjenne og kapitalisere på at mange av oss framleis ønskjer å diskutere våre finansielle utfordringar med ein kompetent rådgjevar som kjenner oss litt frå før.

Det ligg eit stort demokratisk potensial i den nye teknologien, men potensialet må realiserast. Vi må bygge demokrati inn i dei nye digitale plattformane. Eg vil påstå at den langsiktige konkurransekrafta i bank og finans er avhengig av at finansføretaka klarer å gjere dei digitale plattformane og dei finansielle teneste sine tilgjengeleg for alle. Bankane utfordrast i dag av nye finansaktørar. Tillit, anten til rådgjevarane som jobbar i næringa eller til dei nye digitale løysingane, er næringa sitt fremste fortrinn i konkurransen som kjem med full kraft.

Eirik Rostad Ness, forbundstyremedlem