Ofra tapar mest: – I åra sidan digitalt bedrageri blei eit problem frå omkring 2015, har vi sett ein eintydig trend: Svindelofra ber størstedelen av tapa, seier Lars Petter H. Omland.

– Uklokt av bankane å gå etter svindeloffer 

Folk som blir svindla, nøler med å kontakte banken, ifølgje ei ny undersøking. Forskar Lars Petter H. Omland meiner at bankane gjer vondt verre.

Finansfokus fortalde nyleg om «Mari», som opplevde at kontoen hennar vart brukt til å kvitvaske svindelpengar. Sparebank 1 SMN har reist eit samla erstatningskrav mot «Mari» og mannen som lurte henne. Saka skal opp for forliksrådet seinare i 2025.

Lars Petter H. Omland, jurist og forskar ved Universitetet i Oslo, har lang erfaring frå rettshjelp innan feltet.

– Folk som blir svindla, opplever ofte skam.  Når ein bank går etter svindeloffer på denne måten, kan banken legge stein til byrden. Ikkje berre kjenner du deg dum, du blir også nærmast sett på som ein mogleg kriminell som har samarbeida med svindlaren, seier han.

Newsletter

Abonner på nyhetsbrev

Legg igjen e-postadressen din og motta vårt ukentlige nyhetsbrev med de siste nyhetene fra finansbransjen.

Færre enn halvparten kontaktar banken

Ifølgje ei undersøking frå SpareBank 1 Østlandet, tar færre enn halvparten av dei som rapporterer å ha blitt svindla, kontakt med banken sin når dei oppdagar det. Kvifor så mange lar vere, er uvisst, men banken foreslår skam som ei mogleg årsak: Éin av tre svindeloffer i undersøkinga seier at dei opplever skam, og 68 prosent føler seg lurte og naive. Erik Bjerkaas, svindeljeger i SpareBank 1 Østlandet, oppmodar folk til å ta kontakt så fort dei mistenker at noko er feil.

– Både kunden og banken stiller sterkare i kampen mot svindlarane viss vi handterer saka raskt, seier Bjerkaas i ei pressemelding.

Endring av bankane sine strategiar

Lars Petter H. Omland meiner at ein praksis med straff- og erstatningsansvar for aktlaus kvitvasking kan gjere vondt verre: Resultatet kan bli at svindelutsette kundar ikkje tør å melde frå til banken eller politiet, sjølv om dei har plikt til det, meiner han.

– Straffereglane på dette feltet er primært meint for organiserte kriminelle. Dei passar dårleg på meir eller mindre intetanande svindelofre, seier Omland.

Bankane skyv ansvaret frå seg. 

Lars Petter H. Omland

I «Mari» sitt tilfelle har ikkje SMN meldt saka til politiet, men derimot reist eit erstatningskrav mot henne og han ho trudde var vennen hennar.

– Dette kan sjåast som enda ein blome i enga av bankane sine strategiar for å skyve ansvaret over på enkeltindivida, seier Omland.

Viser til årevis med dragkamp

– Men bankane betalar jo også ein heil del i slike saker?

 – Etter ny finansavtalelov i 2023 og høgsterettsavklaringar i 2020 og 2022, har meir ansvar blitt pålagt bankane. Men dette har ikkje vore ei utvikling finansnæringa aktivt har støtta. Her har det vore årevis med dragkamp, seier Omland og legg til:

– Vi ser også at stadig nye svindelmetodar gjer at bankane på nytt skyv ansvaret frå seg. 

Noreg bør ta etter Storbritannia

Han stiller spørsmål ved om samfunnet er tent med ein situasjon der eitt svindeloffer blir halde ansvarleg for tapet til eit anna. 

– Dette vil for det første kunne gjere folk mindre villige til å melde frå. For det andre vil det plassere det økonomiske ansvaret etter manipulasjonssvindel hos svindeloffer i staden for bankane. Det kan igjen føre til auka systemrisiko, fordi bankane mistar økonomisk insentiv til å vidareutvikle tryggingssystem.  

– Kva meiner du bankane bør gjere?

– Vi bør ta etter Storbritannia og få på plass ei regulering som pålegg bankane ansvar, også der transaksjonen er godkjent av manipulerte offer. Samtidig bør terskelen for å gå etter slike svindeloffer for aktlaus kvitvasking vere høg, både strafferettsleg og erstatningsrettsleg.

Meiner at bankane rettar seg etter lover og forskrifter

Tom Staavi, kommunikasjonsdirektør i Finans Norge, påpeikar at bankane rettar seg etter gjeldande lover og forskrifter og i stor grad må følgje reguleringar med utspring i EU.

– Noreg har allereie ei streng lovgiving samanlikna med EU-land. I tillegg forsøker bankane å utøve skjønn i vanskelege saker, seier han.

Han viser til reglar som er under revisjon i EU: det tredje betalingstenestedirektivet (PSD3) og reguleringa som skal supplere denne (PSR).

 – Dette kan påverke korleis svindelsaker skal bli handterte, seier Staavi.  

SpareBank1 SMN ønskjer ikkje å kommentere saka utover kommentaren i saka om «Mari».