Bankene har nøkkelrolle i nytt berekraftsdirektiv

Kundane til Sparebanken Møre gjev banken sitt berekraftsarbeid toppskår. Kva er løyndomen til møringane?

Avdelingsleiar Cecilie Myrstad har fleire gonger opplevd at kundar kom og takka. – Det dei først opplevde som mas om berekraft, såg dei seinare verdien av, seier ho. Foto: SMP brand studio.

Frå nyttår vil EU sitt nye direktiv om berekraftsrapportering (CSRD) gjelde i Noreg. Bankane har ei nøkkelrolle: Som långjevarar og investorar skal dei både rydde i eige bedd og dytte kundane i ei berekraftig retning. Er porteføljen berekraftig, blir banken meir berekraftig, òg.

– Mange av kundane våre gjer allereie mykje rett, men dei har ikkje sete det i system, seier Cecilie Myrstad, leiar for Sparebanken Møre si berekraftavdeling.

I haust kom banken for tredje år på rad på topp i selskapet EPSI sin berekraftsindeks. Denne speglar kundane sitt syn på berekraftsarbeidet i norske bankar.

– I tillegg til samfunnsansvaret vårt, trur eg det handlar om at vi som regional sparebank er tett på kundane, Vi kjenner dei, og vi kjenner lokale forhold. Då er det mykje enklare å kome djupare ned i diskusjonen og vere meir konkret i råda.

Meir og meir skal rapporterast

Tekstilverksemda Aalesund Protective Wear AS er ein av banken sine bedriftskundar. Dei produserer redningsvestar og yttertøy som toler ver og vind – er kjende for kvalitet, og for ei tid sidan innsåg CEO Peter Aakre at berekraft heller ikkje var noko dei kunne hoppe over.

– Banken har pressa på. Revisorane har pressa på. Det er berre meir og meir som skal rapporterast. Dessutan har berekraft blitt viktig i tekstilindustrien og vi trur også at ein kan skape konkurransefortrinn ved å ta dette på alvor, seier han.

Peter Aakre (midten) har med seg borna Martine Aakre og Sondre Aakre i familieverksemda. Saman prøver dei å få arbeidsklede, regntøy og redningsutstyr til å bli så berekraftige som mogleg. Foto: Aalesund Protective Wear AS

I vår tilsette selskapet ein eigen berekraftsansvarleg. Aakre har ikkje angra, sjølv om ein ekstra tilsett kostar. Nyleg vann verksemda eit anbod. Aakre trur berekraftsarbeidet var avgjerande; dette vart vekta tungt.

– Vi jobbar med tusenvis av komponentar som alle skal vere berekraftige. På serverane våre hadde vi den dokumentasjonen som skulle til, men å få det ned på eit papir, så vi kunne levere eit anbod, tok eit halvt år. Her hadde vi god nytte av banken sin berekraftsportal.

Må endre forretningsmodell og kommunisere det

Ein bransjeinndelt berekraftsportal, som jamleg blir oppdatert, er eitt av tiltaka til Sparebanken Møre. Denne blir hyppig brukt av kundar, ifølgje Cecilie Myrstad. Han brukast også flittig av rådgjevarar i kundemøte.

– Fleire andre bankar har tilsvarande verktøy for å komme i gang med berekraftsarbeid, men eg trur vi er åleine om å bryte det ned på bransjar, seier ho.  

Ho forstår godt at berekraftsarbeid er krevjande, spesielt for små verksemder. Det er mykje å setje seg inn i.

– For oss som bank er det viktig å snakke med kundane og få dei til å forstå at dei må jobbe med det. Dei må få berekraft inn i strategiske val, og dei må dokumentere og kommunisere det dei gjer, seier Myrstad.

Ringerunde under covid-19

Ho trur at det banken gjorde under covid-19 var lurt: Dei ringde til dei for å forstå korleis situasjonen var og om dei trengde hjelp. I tillegg gjorde dei fleire andre tiltak for å støtte lokale arbeidsplassar.  

–Vi lever i skjebnefellesskap med kundane. Vi ønskjer å finne gode løysingar slik at det er lys i lokala også i morgon. Dei tette relasjonane, og også det at kundane har faste kontaktpersonar med spisskompetanse, medverkar positivt.

Peter Aakre sin kunderådgjevar, Stig Rune Sætre, fortel at han snakkar med bedriftskundar om berekraft i alle forretningssamtalar, det betyr minst éin gong årleg. I tillegg vurderer banken alle næringslivskundar etter berekraftskriteriar (ESG-kriteriar) når dei søkjer om lån.

– Eg er overtydd om at desse tinga betyr mykje, seier Sætre.

Har hatt trua frå dag éin

For Aakre var det viktig at det aldri bikka over.

– Banken har aldri pressa meg for langt. Men dei har informert meg heile vegen og prøvd å finne fram til kvifor vi bør tenkje berekraft og kva vi kan tene på det.

Aakre trekkjer også fram den langvarige relasjonen til banken:

– Dei har vore der frå dag éin og trudd på meg.

Joda, han er ein av dei fornøgde bankkundane. Men han har litt kritikk på lager, òg. Nyleg kjøpte verksemda hans eit nytt bygg og totalrenoverte det innvendig. Flisomnen vart bytta ut med varmepumpe.

– Når banken oppmodar oss til å tenkje berekraft, bør dei bli flinkare til å seie kva dei kan gjere for å hjelpe oss økonomisk. For min del hadde eg gjerne takka ja til eit billegare lån, seier Peter Aakre.  

Fakta:

Nye krav til berekraftsrapportering

  • Corporate Sustainability Reporting Directive (CSRD) vil gjelde i Noreg frå januar 2024. Med dette blir langt fleire selskap rapporteringspliktige.
  • CSRD er foreslått innført trinnvis etter same modell som i EU: Føretak av allmenn interesse (børs, bank, forsikring og kredittføretak) med over 500 årsverk skal rapportere frå rekneskapsåret 2024. Andre store føretak skal rapportere frå 2025, og små og mellomstore børsnoterte føretak frå 2026.
  • Det er framleis usemje om kva type føretak som skal måtte rapportere.

Kjelde: Pwc.no: «Nå blir bærekraftsrapportering likestilt med finansiell rapportering»