FLEIRE SLIT PSYKISK: Fafo-forskar Johanne Stenseth Huseby fortel at ei fleirtal av dei spurde i Tillitsvalgtpanelet har hatt befatning med kolleger som slit med den psykiske helsa på arbeidsplassen. 

Jobben får skulda for psykisk uhelse

1,9 millionar dagsverk gjekk tapt på grunn av psykiske helseplager hos norske arbeidstakarar i andre kvartal 2023. Talet på tilsette som rapporterer at arbeidsplassen er årsak til psykisk uhelse aukar, ifølgje Statens arbeidsmiljøinstitutt, Stami. 

No har Fafo lagt fram ein rapport som stadfester ytterlegare at mange arbeidsplassar påfører tilsette psykiske helseproblem.  Ifølgje ei rundspørjing svarar 64 prosent av dei tillitsvalde at dei har erfaringar med tilsette som har eller har hatt psykiske plager i løpet av dei to siste åra. 

VIKTIG ÅRSAK 

Ifølgje Fafo-forskar Johanne Stenseth Huseby er psykiske plager og sjukdomar ei viktig årsak til sjukefråværet i det norske arbeidslivet, og både årsak og forverring kjem av arbeidsmiljøet i verksemdene. 

Det er eit stort ønskje om opplæring eller anna støtte til å kunne bidra i arbeidet med psykisk helse på arbeidsplassen

Johanne Stenseth Huseby, FAFO

– Det er eit stort ønskje om opplæring eller anna støtte til å kunne bidra i arbeidet med psykisk helse på arbeidsplassen, seier Huseby. Ho orienterte om det som kom fram om temaet i den årlege Fafo-undersøkelsen Tillitsvalgtpanelet på eit frukostseminar nyleg. 

Svara frå tillitsvalde i LO kan også tyde på at det er mykje å ta tak i med omsyn til dei psykososiale tilhøva på norske arbeidsplassar. Til dømes er det langt frå alle verksemder som har føreteke kartlegging av risiko for at arbeidstilhøva kan føre til psykiske plager.  

STORE VARIASJONAR 

– Det er stor variasjon i svara på om det er sett i gong tiltak på den einskilde arbeidsplassen med tanke på tilsette som har psykiske plager, fortel Fafo-forskaren.  Variasjonen heng og saman med storleiken på verksemda. – Tillitsvalde i verksemder med mindre enn 25 tilsette har liten grad av slike tiltak, medan verksemder med meir enn 500 tilsette har langt større grad av tiltak for psykisk helse. 

Svara frå dei tillitsvalde kan tyde på kjønnsskilnader med omsyn til temaet. Eit større tal mannlege enn kvinnelege tillitsvalde svarer at det enten blir informert om psykiske plager eller at bedriftshelsetenesta tilbyr rådgjeving på arbeidsplassen.  Og det er langt fram til at det er full openheit om psykisk helse på arbeidsplassen. 

– Det er veldig få tillitsvalde som vurderer openheita om psykiske plager på arbeidsplassen som stor, seier Johanne Stenseth Huseby. 

STORE TAP 

Liv Bakke Finne frå Stami, Statens arbeidsmiljøinstitutt, fortel at dei psykiske helseplagene på norske arbeidsplassar også representerer eit stort produktivitetstap. Det er kalkulert at 1,9 millionar dagsverk var tapt på grunn av psykiske plager blant arbeidstakarar i andre kvartal 2023. 

MYKJE Å TA TAK I: – Å førebyggje psykisk uhelse på arbeidsplassen er tiltak som også vil løne seg for verksemdene, ifølgje Stami-forskar Liv Bakke Finne. 

– Om ein har problem med psykisk helse på jobb, så kan det være vanskeleg å utføre jobben sin på ein god måte, seier Finne.  Det er mange gode grunnar til at ein skal bry seg med og forebygge psykisk uhelse i arbeidslivet, konstaterer Finne som forskar på arbeidspsykologi og –fysiologi. 

Det er mange gode grunnar til at ein skal bry seg med og forebygge psykisk uhelse i arbeidslivet.

Liv Bakke Finne, STAMI

Det er etter kvart godt dokumentert at arbeidet virkar inn på den psykiske helsa, og ifølge Finne er dermed også arbeidsplassen ein god arena for tiltak som kan forebygge psykiske problem. Ho viser til Stami si nettside, der spørsmål knytt til psykososialt arbeidsmiljø blir omtala. 

NYTTIGE REISKAPAR 

I foredraget viser Finne ein illustrasjon med ei kvinne som opplever konflikt mellom krava frå arbeidsplassen og familien. 

– Uansett kva du gjer, klarer du ikkje å tilfredstille alle. Dersom arbeidssituasjonen blir prega av dette over lang tid, veit vi at dette får konsekvensar for psykisk helse. Det er knytt symptom som angst og depresjon til å stå i ein slik arbeidssituasjon. 

Arbeidsmiljøinstituttet byr på reiskapar som kan nyttast til å betre det psykososiale arbeidsmiljøet i pakken “En bra dag på jobb”. 

– Det er ein kunnskapsbasert reiskap som alle kan nytte i de førebyggjande arbeidsmiljøarbeidet, opplyser Liv Bakke Finne.