AHA-OPPLEVINGAR: Coach og leiarutviklar Ann Ahlqvist ser ofte at folk har fått aha-opplevingar. – Folk blir overraska over kva effekt lytting har, seier ho. (Foto: Johanne Nyborg)

Er du en god lytter presterer du godt på jobb

Blir du betre til å lytte, er sjansen stor for at du vil gjere ein betre jobb.

Ein stor internasjonal studie ga nyleg eit tydeleg resultat: Å lytte godt heng tett saman med å prestere godt.

Studien var ein såkalla metastudie som samla mange tidlegare forskingsresultat. Ei internasjonal forskargruppe leia av Avraham N. Kluger ved The Hebrew University Business School i Jerusalem stod bak. 

Hovudmekanismen er, ifølgje forskarane, at lytting gir betre relasjonar. Betre relasjonar gir igjen positiv energi og tiltakslyst; du blir meir fornøgd og meir motivert. Mellom anna. 

Fryktar ein sleivete kommentar

Ann Ahlqvist, leiarutviklar, coach og høgskulelektor ved Høgskolen Kristiania, er ikkje overraska. Lytting er alltid eit aspekt når ho er ute og jobbar med folk.

– Nokre stader finst det ein sjargong der folk tullar og tøyser og avbryt kvarandre. Kanskje har dei jobba ilag lenge og kjenner kvarandre godt. Viss det då kjem ein ny person til gruppa, er det lett å halde inne med tankar og idear fordi ein ikkje ønskjer å bli avbroten med ein sleivete kommentar, seier ho.

Då får ikkje gruppa tilgang til alle innspel, og det kan ta lenger tid å føle at ein høyrer til, legg ho til. 

Ho har sjølv opplevd at leiargrupper har fått aha-opplevingar.

– Når vi gjer øvingar, blir folk ofte overraska over kva effekt lytting har.

Ubehageleg, men herleg

Ein av øvingane ho har med seg, handlar om å lytte ferdig.

Dei skal lytte til det blir heilt stille. Det kan vere litt ubehageleg.

Ann Ahlqvist, Høgskolen Kristiania

– Dei skal lytte til det blir heilt stille. Det kan vere litt ubehageleg. Men etterpå er det mange som seier: «Så herleg!» Den som snakkar, kan ta pausar og slepp å snakke fort, og den som lyttar, slepp å vere så aktiv. I staden kan lyttaren lene seg tilbake.

Ahlqvist meiner at det å lytte er noko av det viktigaste vi kan gjere i kommunikasjon.

– Dei fleste vil intellektuelt sett vere samde i at lytting er viktig. Men i vår iver er det lett å gløyme det.

Lytting er tryggare enn feedback

Ifølgje Kluger og forskarkollegaene får vi tilfredsstilt grunnleggjande psykologiske behov når vi blir lytta til: Det gjev oss ei kjensle av å høyre til. Det hjelper oss å få vår eiga verd til å henge på greip. Vi opplever at vi har kontroll og at vi får til ting.

Dei fleste vil intellektuelt sett vere samde i at lytting er viktig.

Ann Ahlqvist, Høgskolen Kristiania

Når andre medverkar til at vi får tilfredsstilt desse behova, ønskjer vi å styrke banda til dei. På arbeidsplassen kan dette medføre meir tillit, engasjement, openheit og psykologisk tryggleik – og også auka kompetanse.

Forskarane samanliknar lytting med feedback, eit tema som har fått mykje merksemd i organisasjonslivet. Feedback kan også føre med seg mykje bra, men det inneber ein risiko, mellom anna ved at det kan ta merksemda vekk frå oppgåva, ifølgje ein tidlegare studie av Avraham N. Kluger og Angelo DeNisi.

Det er svært lite risiko forbunde med lytting, ifølgje Kluger og kollegaene.

Å spele den andre god

Ann Ahlqvist meiner at kunsten å lytte ferdig er ei mangelvare. Sjølv bruker ho å vise til fem ulike lyttenivå: Verstingen er å ignorere. Nummer to er å late som ein lyttar. Nummer tre er selektiv lytting; da lyttar vi til det vi er samde i.

Nummer fire inneber å lytte, medan vi eigentleg ventar på at den andre skal trekkje pusten så vi kan kome med vårt. Eller vi avbryt.

– Det femte nivået er den empatiske, aktive lyttinga. Då lyttar vi for å forstå den andre, uansett om vi er samde eller ikkje. Vi brukar dei små orda, som «så spennande», eller «fortel meir». Slik spelar vi den andre god, vi får meir engasjement på arbeidsplassen og kanskje deler vi enda litt meir enn vi var tenkt til i utgangspunktet.

Tipsboks:

Slik blir du ein betre lyttar

1. Ver aktivt til stades og legg bort mobilen.
2. Prøv å sjå verda frå den andre sitt perspektiv.
3. Søk augekontakt, og spegle talaren sitt kroppsspråk og stemmeleie.
4. Ver nysgjerrig, og spør om du ikkje forstår noko.
5. Nikk undervegs, og bruk små motivasjonsord som ok, spennande, hm på ein naturleg måte. Då følgjer du betre med og oppmuntrar samtidig den andre.
6. Gjenta (back track) det personen seier: «Så det du fortel meg, er …har eg oppfatta det riktig?»  

7. Er du oppteken, så sei ifrå og lag ein avtale på eit tidspunkt når du har tid til å vere til stades.

Kjelde: Ann Ahlqvist