AUKA TAL TILSETTE: Organisasjonssjef Kjetil Hauge i Sparebanken Møre seier dei har auka bemanninga meir enn vanleg siste året. (Foto: Sparebanken Møre.)

Studentar på deltid gjev jobbvekst på Møre

Nye myndigheitskrav er ressurskrevjande for Sparebanken Møre som styrka bemanninga med 31 personar i 2022. Studentar på deltid på kundesenteret står for mesteparten av auken.

ÅLESUND: Jobbtala henta frå registrering av a-meldingar i Brønnøysundregistra viser at Sparebanken Møre har auka frå 404 jobbar i desember 2021 til 435 jobbar eitt år seinare. Det vil seie ein jobbvekst på 31 personar, ein auke på 7,7 prosent.

Organisasjonssjef Kjetil Hauge seier dette ikkje speglar talet på årsverk, men at det også omfattar tilsette på deltid. I årsrapporten for 2022 går det fram at auken i årsverk er ti, til totalt 374 årsverk. Han forklarar jobbveksten med studentar på deltid i kundesenter og oppfølging av myndigheitskrav.

– Ti er nok eit meir realistisk tal enn 31 når det gjeld talet på årsverk, og alle desse årsverka er knytt til auka bemanning på kontora våra. At vi ifølgje statistikken har auka med 31 tilsette skuldast nok at vi engasjerer studentar på deltid på kundesenteret. Der tek dei seg av spørsmål frå kundane eller avtaler møter. Ein annan faktor er endring av rammevilkår gjennom auka myndigheitskrav, til dømes strengare krav til arbeid mot kvitvasking og anna økonomisk kriminalitet. Dette er ressurskrevjande og vi har tilsett folk for å jobbe med dette, seier Hauge.

KÅRA TIL NOREGS BESTE I FIRE ÅR

Han fortel at kundesenteret til banken er lokalisert til bydelen Spjelkavik i Ålesund. Det har kring 30 årsverk. Sjølv om kontoret på Hellesylt vart lagt ned frå nyttår og eit par kontor vart slegne saman til eitt kontor på Digerneset, er det over tid ikkje store endringar i kontorstrukturen. Dei tilsette på Hellesylt vart overført til kontoret på Stranda, slik at det ikkje var snakk om å kutte stillingar.

– Erfaringa vår er at kundane vil ha faktisk menneske å snakke med. Dei vil ikkje kommunisere med ein chatbot. Difor har vi satsa på å byggje opp eit godt kundesenter, og også på å vere til stades med kontor i heile Møre og Romsdal. Sparebanken Møre er kåra til Noregs beste kundesenter i kategorien bank dei fire siste åra. Vi har eit godt samarbeid med høgskulane i både Ålesund og Molde om å gje studentar praksis. Mellom anna er vi med i TEFT-lab som er eit samarbeid med NTNU. Dette er ein del av samfunnsengasjementet vårt, seier Hauge.

TEFT-lab blir omtalt som eit knutepunkt for forsking og utvikling innan tenesteinnovasjon, entreprenørskap, finans og teknologi.

– Vi brukar absolutt dette samarbeidet med utdanningsinstitusjonane til rekruttering av tilsette. Vi har sju-åtte studentar inne på slikt engasjement no. I tillegg har vi og ein tilsett i banken som er i sluttfasen med doktorgrad. Dette er også eit resultat av eit samarbeid mellom Sparebanken Møre og NTNU – ein såkalla Nærings-phD.

745 NYE BANKJOBBAR

Samla jobbvekst for norsk finansnæring i 2022 var 1575 jobbar. Av dette stod kategorien bank for 745, ifølgje tala henta frå Brønnøysundregistra. Samla var det 86 868 jobbar i finansnæringa her i landet ved utgangen av året. Jobbauken innan bank tilsvarer 3 prosent, men i finansnæringa som heilskap er jobbauken 1,8 prosent.

Erfaringa vår er at kundane vil ha faktisk menneske å snakke med. Dei vil ikkje kommunisere med ein chatbot.

Kjetil Hauge i Sparebanken Møre

Sparebanken Møre opplever stadig tøffare konkurranse sidan SpareBank1 SMN satsar i Møre og Romsdal frå nord og Sparebanken Vest frå sør. I mars opnar Sparebanken Vest offisielt sitt eige finanshus i regionen, med lokale sentralt i Ålesund sentrum.

Hauge meiner jobbveksten ikkje er eit direkte svar på auka konkurranse, heller ei satsing på å styrke eiga verksemd.

– Konkurransen er tøff, men dette handlar nok meir om å tilpasse oss med god bemanning for å handtere vår gode vekst. I tillegg ser vi at kvitvasking og anna økonomisk kriminalitet treffer oss.

777 MILLIONAR I OVERSKOT

Førebelse rekneskapstal for 2022 viser at Sparebanken Møre fekk eit årsresultat etter skatt på 777 millionar kroner i 2022, mot 642 millionar kroner i 2021, ifølgje ei pressemelding frå banken. I same melding heiter det at banken i 2022 har rekruttert mange dyktige medarbeidarar og auka bemanninga for å handtere den sterke veksten og møte regulatoriske krav.

I årsrapporten går det fram at personalkostnadene auka med 70 millionar kroner til 430 millionar, dette av samla kostnadsauke på 102 millionar.

– Vi driv bra og det gjer at vi kan tilsette fleire. Vi har dyktige tilsette og vi satsar på dei. Den viktigaste innsatsfaktoren vår er hovuda som jobbar her. Har du det bra, presterer du også godt. Vi ein del høgare rekruttering enn det vi har hatt tidlegare, seier organisasjonssjefen.

YNSKJER PERSONKONTAKT

Marie Rekdal Hide er ny hovudtillitsvalt i Sparebanken Møre. Ho vart vald i desember, og tok formelt over etter Helge Knudsen i januar. Knudsen har hatt vervet i 25 år og skal gå av med pensjon etter ein overgangsperiode på seks månader. Den nye hovudtillitsvalde har vore styremedlem i banken i seks år.

Ho meiner tala viser at det er behov for tilsette i banknæringa også i ei tid med digitalisering.

– Ein tenkjer ofte i samband med digitalisering av banktenester at tilsette blir digitalisert vekk. Men tala viser at det ikkje skjer, det handlar meir om omstilling til nye oppgåver. Kundane ynskjer kontakt med folk, det blir ikkje det same med ein chatbot, ein e-post eller nettbank. Kundane set pris på gode samtaler med tilsette. Det er kundesenteret og lokale kontora eit døme på. Vi ser også at myndigheitene kjem med stadig fleire reguleringar. Finanstilsynet er stadig vekk på oss med krav. Det kjem også krav frå EU i samband med opptrapping av kampen mot kvitvasking og anna økonomisk kriminalitet, seier Rekdal Hide.

ATTRAKTIV ARBEIDSKRAFT: Marie Rekdal Hide, ny hovudtillitsvalt i Sparebanken Møre, seier det er hard kamp om arbeidskrafta i finansnæringa i Møre og Romsdal. (Foto: Sparebanken Møre.)

Av dei om lag 400 tilsette i banken, er cirka to tredelar organisert i Finansforbundet, fortel ho. Den hovudtillitsvalde fortel at ho planlegg å ha god kontakt med studentane som jobbar deltid.

– Vi planlegg ei besøksrunde i vår, slik at vi får møte dei fysisk. Dei fleste studentane jobbar ikkje på hovudkontoret. Det er absolutt ei gruppe det er viktig å ha kontakt med, sidan ein del av dei blir fast tilsette etter å ha vore deltidstilsett i samband med studiar.

ETTERTRAKTA TILSETTE

Rekdal Hide fortel at dei tilsette i finansnæringa i Møre og Romsdal er ettertrakta.

– Marknaden er støvsugd for gode folk. Eg blir stadig vekk kontakta av medlemmer som ønskjer å «sparre». Det kan gå på lønstilbod dei har fått frå andre verksemder, kva moglegheiter som ligg for eiga utvikling om dei blir verande i den jobben dei har, og slike ting.

Rekdal Hide har jobba i Sparebanken Møre sidan 2007, og kjem frå jobben som autorisert finansiell rådgivar for Næringsliv Sunnmøre. Ho har Master of Business Administration frå Edinburgh Business School og har erfaring frå både personmarknad og næringslivsmarknad. Vervet som hovudtillitsvalt er ei fulltidsstilling i banken.

FAKTA: JOBBMONITOR

Ved å analysere data fra Enhetsregisteret i Brønnøysund skapes en monitor for jobbutviklingen i finansnæringen og tilsluttede næringer. Jobbtallene er basert på bedriftenes egen, månedlige innrapportering av antall jobber i A-meldingen til Enhetsregisteret. Analyseselskapet Kartlagt SA henter dataene fra Brønnøysundregisteret basert på tall fra arbeidsgiver- og arbeidstakerregisteret (Aa-registeret). Arbeidsgivere og oppdragsgivere har plikt til å rapportere sine arbeidstakere og frilansere til registeret via A-meldingen. Tallene inkluderer permitterte. Tallene omfatter næringskodene for finansieringsvirksomhet, forsikringsvirksomhet og pensjonskasser og tjenester tilknyttet finansierings- og forsikringsvirksomhet.