NY LOV: Banksjef Mette Ryste ved Sparebanken Møre si avdeling i Volda meiner den nye finansavtalelova er ei god støtte i dialogen med kundane. (Foto: Magne S. Otterdal /OBM)

Trenar på å seie nei

Dei banktilsette må legge inn nokre ekstra treningsøkter på kundehandsaming, samstundes som saker tek lenger tid å handsame, etter at den nye finansavtalelova vart gjeldande frå nyttår. Banksjef Mette Ryste ved Sparebanken Møres kontor i Volda fortel at den lovfesta plikta til å avslå lånesøknader er det tøffaste verkemiddelet i den nye reguleringa.

VOLDA: Kunderådgjeverane er bankane sine fotsoldatar i første linje, og arbeidet er regulert av eit omfattande regelverk. Den nye finansavtalelova har medført at dei strenge reglane fekk ei påplussing  frå nyttår. 

Etter fleire års lovarbeid i storting og regjering, kom endeleg dei nye forskriftene til lova frå Justisdepartementet i fjor. 

PLIKT TIL Å AVSLÅ 

Finansfokus møter banksjef Mette Ryste ved Sparebanken Møre si avdeling i Volda. Ho fortel at dei med finansavtalelova i hand har måtte avslå fleire lånesøknader alt dei to første vekene på nyåret. 

– Ja, det har vi. Det er ikkje alltid draumen og realitetane går hand i hand, og då må vi avslå, seier Ryste. 

Det er somme som drøymer litt stort, og då må vi avslå

Mette Ryste, Sparebanken Møre

Tidlegare heldt det med å råde kundar med litt for stram økonomi frå å ta opp nye lån, no er det altså ei lovmessig plikt for rådgjevarane å avslå ein lånesøknad som ikkje held mål. 

– Men eg ser også ofte at det gjennom gode samtaler mellom rådgjevarane og kunden, der vi sit i lag og ser på kunden sin økonomiske situasjon, så forstår kunden sjølv at ein kanskje har gått litt for hardt ut. Kanskje ein då kan sikte seg inn på en litt billegare bustad eller eit litt lågare lån til bilen. 

STØTTE I ARBEIDET 

Den nye finansavtalelova er blitt kritisert som alt for inngripande overfor kunden. Men blant tilsette i bankane blir den også godt motteken, som ekstra støtte for arbeidet. Banksjef Ryste peikar på den styrka kundevernet, og krava til god kommunikasjon. Kundevernet er styrka i den reviderte lova. 

– Vi er blitt endå meir bevisst på opplysningsplikta til kundane, med å gje kunden god informasjon både om vurderingane våre og om korleis vi ser på kunden sin økonomiske situasjon. 

Ifølge Ryste har det vore standard i bankarbeidet lenge, det å gje så god og forståeleg informasjon som mogleg. 

– Det er veldig viktig at kundane veit kva slags økonomiske forpliktingar dei tek på seg ved til dømes å ta opp lån. Eg føler at lova no berre seier tydelegare det vi alt har jobba ein del med. 

NY DOKUMENTASJON 

For dei tilsette er det blitt ein del nye formular og dokumentasjon å jobbe med på nyåret. 

– Eg tenkjer det er svært viktig å dokumentere både dei vurderingane vi gjer og at kundane skjønar vår rådgjeving, og at dette må loggast godt, seier Ryste. 

Den kanskje mest merkbare skjerpinga, og som verkar utfordrande i arbeidskvardagen for banktilsette, er den lovpålagte plikta til å avslå lånesøknadar. Før var det plikt til å fråråde låneopptak. Den nye skjerpinga aukar også kravet til kommunisere med kunden. 

– Når vi seier nei til eit lån blir det ein dialog med kunden, der vi ser på kundens totale økonomiske bereevne og andre vurderingar som til slutt kan resultere i at ei lån kan innvilgast likevel. 

NYE TRENINGSØKTER 

Å forklare så kunden skjønar, trenar dei på i banken. – Vi kan ikkje berre slenge rundt oss med faguttrykk frå bankverksemda. Det er ikkje sikkert ein kunde forstår omgrep som «likviditet», til dømes, forklarar Ryste. 

– Så de har treningsøkter blant dei tilsette? 

– Ja, i banken hos oss har vi hatt ein veldig god treningskultur i mange år. Vi er autoriserte finansielle rådgjevarar. Vi har eit omfattande opplæringsprogram der vi trener på ulike kundecase med rollespel. 

Mette Ryste fortel at treningsøktene er grunnlag for ein database med dei ulike case. Med dei nye reglane blir det også fleire treningsøkter framover, fortel ho. 

– Ja, det blir nye rundar med trening no som følge av den nye finansavtalelova. Det er moro å trene, ja, når ein berre kjem seg forbi at det kan være litt pinleg i starten. 

TRAVEL START 

Finansiell rådgjevar Aadne Sandanger er områdetillitsvald for Finansforbundet i Sparebanken Møres avdelingar i Hareid, Ulsteinvik, Herøy, Sande, Vanylven, Ørsta og Volda. Han har hatt ein travel start på nyåret, ikkje minst som følgje av den nye lovgjevinga. 

– Kva slags utfordringar ser du med alt det nye sett frå medarbeidarane sin ståstad? 

TRAVLE DAGAR: Områdetillitsvald og finansiell rådgjevar Aadne Sandanger bekreftar at arbeidsmengda har auka og at det tek lenger tid å få handsama sakene. 

– Litt av svaret gjeld at du ikkje har nådd meg, og handlar om at vi med den nye Finansavtalelova so tek ting lenger tid å fullføre. Det er meir som må sjekkast opp, større krav til både kundeansvarleg og kundane våre, skriv Sandanger i ein epost. 

Med den nye Finansavtalelova so tek ting lenger tid å fullføre

Aadne Sandanger, Sparebanken Møre.

Han legg til at det er no er vanskelegare å få saker godkjent like raskt som før. 

FAKTA FINANSAVTALELOVA