GOD SERVICE: Banksjef Anne-Grethe Knudsen (t.v.) har jobba i banken i 12 år. Rådgjevar Anne Brit Gundersen trur mange opplever å få meir service i ein liten sparebank enn i ein stor bank. – Du er ikkje eit nummer i rekka, seier ho.  

– Vi er byens bank

I 170 år har Lillesands Sparebank stått stødig åleine og gjeve overskotet sitt til idrettslag og andre lokale foreiningar. Dei har ingen planar om å slutte med det.  

 Tekst og foto: Silje Pileberg  

LILLESAND: I ein kvitmåla, verneverdig trebygning, med iskremkioskar på begge sider, finn du Lillesands Sparebank. Det er ein av Noregs få alliansefrie bankar. Dei har aldri fusjonert, aldri forhandla om det eingong. I staden jobbar dei seg fram til overskot kvart einaste år, som dei så gjev i gåve til lokale skulekorps, lag og foreiningar.  

Suksesshistoria hadde ikkje vore mogleg utan menneske som Anne Brit Gundersen. Kvar dag møter ho bankkundar med kaffi og økonomisk vegleiing.   

– Eg trur mange opplever å få meir service i ein liten sparebank enn i ein stor bank. Du er ikkje eit nummer i rekka, seier ho.  

BEGYNTE SOM SYKKELBUD  

Gundersens bankkarriere begynte ved konfirmasjonsalderen. Då sykla ho rundt og leverte brev for banken etter skuletid.  

Ein sommarjobb førte til eit tilbod om fast jobb. Ho takka ja, sjølv om ho ikkje hadde fullført handelsskulen. Det er 41 år sidan no.  

I starten sat ho ved sentralbordet. Etter nokre år flytta ho til skranken, der ho betalte folks rekningar eller ga ut kontantar og sjekkhefte. Éi hending vil ho aldri gløyme: då ein maskert mann med to knivar kom inn og brølte til kollegaene hennar.  

Sjølv sat ho på kontoret sitt.  

– Det første som fall meg inn, var å krype under pulten. Der sat eg med hovudtelefonane på, eg hadde ein kunde på øyret. Han lurte nok på kvifor eg slutta å snakke!  

GLAD I KUNDANE 

Ranaren vart teken like etter, og alt enda godt. I dag er bankran passé og skranken historie. Men sjølv om tidene skiftar, har Lillesands Sparebank stått støtt.  

ALDRI ANGRA:I 41 år har Anne Brit Gundersen jobba i Lillesands Sparebank. Ho valde å avbryte vidaregåande utdanning på handelsskulen for å ta fast jobb i banken. – Eg har aldri angra, seier ho.  

– Du er nøydd til å følgje med i utviklinga. Vi har dei same produkta og tilboda som andre bankar. Heldigvis er det mange som synest at det er hyggeleg med ein liten bank der dei kan besøke eller ringe rådgjevaren sin, seier Gundersen.  

– Blir du glad i kundane dine?  

– Ja. Veldig mange har kome inn i banken, og eg har lært dei å kjenne på ein heilt spesiell måte.  

EIN EIGEN RÅDGJEVAR 

Alle kundar i Lillesands Sparebank har ein personleg rådgjevar. Når kundar opnar nettbanken, ser dei eit bilete av rådgjevaren sin. Banksjef Anne-Grethe Knudsen trur at dette senkar terskelen for å ta kontakt.   

– Ein rådgjevar gjev ein meirverdi. Både unge og eldre kundar seier at dei synest det er viktig. Eit ansikt gjev tryggleik, seier ho.  

Rådgjevaren er nær kunden, så ting kan skje raskt viss det trengst, forklarer Knudsen. Han eller ho skal dessutan avdekke kundens behov på mange felt, som lån, forsikringar og spareavtalar.  

Det siste halvanna året har banken vore gjennom eit generasjonsskifte. Tolv nye er blitt tilsett. Ifølgje Knudsen har det vore viktig å la kundane få bli kjende med dei gjennom intervju på bankens nettsider og i sosiale media.  

EIT TRYGT ANSIKT 

Psykolog Jan-Ole Hesselberg trur at nokon bankkundar er fullt ut fornøgde med ein nettbank og ein kundetelefon.  

– For andre har det stor verdi å kunne møte banktilsette personleg, meiner han.   

Han trur at personlege møte kan føre til at kundane blir ekstra glade i banken sin.  

– Hjernen vår har ein tendens til å byte ut komplekse spørsmål med enkle, meir kjenslebaserte spørsmål. I staden for å stille deg sjølv vanskelege spørsmål som «kan eg stole på denne banken?», kan du spørje: «Verkar Anne Brit som ein bra person?». Viss ho verkar trygg og god, blir dette ein del av vurderinga di av banken, seier han.  

DEN VIKTIGASTE KAPITALEN 

Dei siste fem åra har Lillesands Sparebank oppretta fem nye stillingar. Banken har i dag 24 tilsette. Men banksjef Knudsen ser at krava til rapportering aukar, både for store og små bankar.  

– Vi må ha ein brei kompetanse på få tilsette. Det er ei utfordring. Viss dagens rammevilkår endrar seg veldig, må vi vurdere alternativa våre, seier ho.  

Større bankar har tatt kontakt, men det har aldri vore aktuelt med forhandlingar om fusjonar. Banken har god kapital, og samarbeid med andre småbankar gjer at produkttilbodet er like godt som hos større bankar. Når banken rekrutterer, får dei dessutan mange gode søknader, ifølgje Knudsen.  

– Før i tida begynte ein ofte i bank etter eit år på handelsskulen. I dag har dei fleste høgskule- eller universitetsbakgrunn, seier ho.  

Ho meiner at dei tilsette er bankens viktigaste kapital.  

Dei tilsette er banken. Fungerer ikkje dei, fungerer ikkje banken.

Anne-Grethe Knudsen

– Dei tilsette er banken. Fungerer ikkje dei, fungerer ikkje banken. 

STOLT AV ARBEIDSPLASSEN 

I bankens andre etasje heng bilete av dei som etablerte Lillesands Sparebank for 170 år sidan: ein kyrkjesongar, ein lensmann, ein skipskonsul, ein skipsreiar og ein skipsreiar til.  

Like bortanfor heng eit bilete av bankens første banksjef. Knudsen er nummer fem i rekka, og ho har hatt jobben i tolv år. Til no.  

– Mange bankar, også vi, har hatt stabil og god arbeidskraft.  

Heldigvis er det mange som synest at det er hyggeleg med ein liten bank der dei kan besøke eller ringe rådgjevaren sin.

Anne Brit Gundersen

Knudsen trur at mange er stolte over å jobbe i banken hennar. Anne Brit Gundersen seier det slik:  

– Eg har alltid vore stolt av å jobbe her. Det har vore ein utruleg fin arbeidsplass, og vi har hatt ei viktig rolle i bybiletet. Vi er byens bank.  

KJENDE OG UKJENDE KUNDAR 

Gundersen er fødd og oppvaksen i Lillesand. Ein del av kundane kjenner ho frå før, andre ikkje. Lillesand har mange innflyttarar, og heile 17 prosent av bankens kundar bur i andre byar.  

Når ho har valt å halde på jobben i heile yrkeslivet sitt, har det ei enkel forklaring:  

– Eg trivast!  

To dagar i veka syklar ho saman med kollegaer frå Grimstad, der ho bur i dag, til jobben to mil unna. Ho har også bada med bankens heilårs badeforeining.  

– Men ikkje no lenger, eg badar helst når det er varmt, ler ho.  

Ho er glad for å jobbe i ein liten bank der oppgåvene varierer og kundane er ulike.  

– Dessutan har det alltid vore ein trygg arbeidsplass. Til og med under bankkrisa på slutten av 1980-talet tilsette vi nye folk.