DIREKTE KOBLING: Administrerende direktør Trond Teigene meiner medeigarskap har fleire positive sider, ikkje minst at tilsette gjennom eigarskap får ei meir direkte kobling til og interesse for verdiskapinga i banken.

Opprettar spareprogram for alle tilsette

Sparebanken Sogn og Fjordane opprettar spareprogram i eigenkapitalbevis for dei tilsette, og gjev alle tilsette ein oppstartspakke til ein samla verdi av 20.000 kroner, heter det i ei pressemelding frå banken.

 -Vi ønskjer at alle fast tilsette hos oss skal vere eigarar i sin eigen arbeidsplass. Vi har hatt ordning med sal av eigenkapitalbevis til tilsette i nokre år allereie, men ser at ein del tilsette ikkje har tatt steget og blitt medeigarar. Vi ønskjer at alle skal vere med og vi vil derfor tildele EK-bevis til alle tilsette som ei grunninvestering for å sette eit startskot for spareprogrammet for alle, fortel administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Trond Teigene.  

EK-BEVIS MED RABATT

I tillegg til oppstartspakken får dei tilsette tilbod om å kjøpe eigenkapitalbevis med rabattar, i form av tildeling av nye EK-bevis etter to års bindingstid. Teigene meiner medeigarskap har fleire positive sider, ikkje minst at tilsette gjennom eigarskap får ei meir direkte kobling til og interesse for verdiskapinga i banken.  – Vi opplever eit positivt engasjement rundt medeigarskap for tida, og at fleire organisasjonar viser til dette som eit gode for både tilsette og bedrifter. Vi er svært nøgd med å få på plass ei langsiktig ordning som gir gode incentiv for tilsette å investere i eigen bank, og trur dette har positive effektar for både tilsette og banken.  

Banken vil i framtida også gje eigenkapitalbevis til nytilsette i fast stilling, for å sikre at alle er med i den nye ordninga.   

TILSETTE POSITIVE

Hovudtillitsvald Camilla C. Holvik er glad for at leiinga og styret i banken har etablert spareprogrammet, og viser også til at Finansforbundet er positive til slike ordningar.  – Det er viktig at tilsette får ta del i verdiskapinga i banken, så dette er svært positivt. Oppstartspakka bidreg til at alle er med, seier ho.