VENTAR PÅ KONTO: John-Terje Hamre (nr. 2 f.v.) har fått kjærasten Tetiana Paschenko (t.v.) trygt heim til seg i Selje. Ho rømde frå krigen i Ukraina saman med barna Ivan (8) og Kolya (15). Med seg på flukta, hadde ho med seg si gode venninne Viktorija Chepvicna og borna hennar Arina (12) og Hordii (8). (FOTO: BJØRN ERIK DRABLØS/Fjordenes Tidende) 

Venta ein månad på å få bankkonto i Norge

For ein månad sidan kom ei gruppe på ni ukrainske flyktningar til Selje. Etter å ha venta tre veker, fekk flyktningane d-nummer hos politiet i Førde, ein tre timars biltur frå havgapet i vest. Nå har dei første i gruppa fått bankkonto og snart får dei andre sin norske bankkonto.

SELJE: Finanstilsynet har oppmoda finansforetak om å sikre at flyktningar får tilgang til grunnleggjande banktenester og forsikringsprodukt. Ifølgje tilsynet har det vore krevjande for flyktningar å få tilgang til bank- og forsikringstenester, på grunn av det strenge regelverk for legitimering i samband med frykt for kvitvasking. Regjeringa har vedteke midlertidig kollektivt vern av ukrainske flyktningar, som gjev dei løyve basert på gruppesamhøyrigheit, ikkje etter individuell vurdering.  

Flyktningvert John Terje Hamre i Selje fortel at trass denne oppmoding har det teke lang tid for dei ukrainske flyktningane som bur hjå han. Hamre er kjærast med ukrainske Tetiana Paschenko. Ho og dei to sønene hennar på 8 og 15 år bur no hjå han etter at dei flykta frå Dnipro då Russland invaderte Ukraina 24. februar i år.  

Ni andre ukrainarar som enten er vener av kjærasten eller vener av ein kamerat av han, har budd i hytter på Hamre Camping og Hyttesenter som John Terje driv rett ved Selje sentrum. Ukrainarane har kome i ulike grupper frå Dnipro og Kyiv i byrjinga av mars.  To familiar er reist vidare, ein til Oslo og ein til Tyskland. 

HAR VORE BANK 

Ifølgje Hamre hadde dei med seg nokre dollar frå heimlandet. Han snakkar på vegne av gjestene. I påvente av d-nummer, bankkonto og bank-id har nordfjordingen hjelpt til med pengar og praktiske ting. 

FLYKTNINGEHJELPAR: John Terje Hamre (50) har teke imot 12 ukrainarar, inkludert kjærasten og dei to sønene hennar som bur hos han. Dei andre bur i hytter på Selje Camping og Hyttesenter som han driv. (FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD) 

– Eg har vore bank for dei og hjelpt dei. Eg går utifrå dei vil kome under norske støtteordningar slik at dei får pengar på ein norsk konto kvar månad. Først då vil dei kunne byrje leve nokolunde normale liv. 

Hamre fortel at flyktningane etter tre veker i Norge fekk time hos politiet i Førde der dei fekk tildelt d-nummer, som gjer at dei kan få norsk bankkonto med BankID. Deretter fekk dei møte i den lokale banken for å tinge konto, bank-id og kort før den stille påskeveka tok til. I skrivande stund ventar flyktningangen framleis på svar frå banken. 

– Vi var i kontakt med banken med omsyn til dette i går. Banken hadde då dette på agendaen i eit pågåande møte. Vi har ikkje fått tilbakemelding frå banken etter møtet. Så pr i dag har ingen fått oppretta konto eller bank-id, seier Jon Terje Hamre. 

– Korleis tenkjer du andre som har flykta frå krigen i Ukraina skal klare seg første tida i Noreg, om dei ikkje får privat hjelp på same måte? 

– Då må dei vere på mottakssenter der dei får kost og losji og halde seg der. Noko anna er ikkje mogleg med mindre dei har med seg valuta, seier han, og legg til at veksling av kontantar også er utfordrande i norske bygdebankar. 

Vi har vore i banken på Nordfjordeid og prøvd å veksle dollar. Det var enklare sagt enn gjort

Jon Terje Hamre, flyktninghjelpar

– Vi har vore i banken på Nordfjordeid og prøvd å veksle dollar. Det var enklare sagt enn gjort. 

BANK OG FORSIKRING 

Norske kommunar er bedne om å ta imot 35.000 flyktningar i 2022, sju gongar fleire enn i eit normalår. Norske myndigheiter har eit  scenario som seier at det kan kome opp mot 100.000 flyktningar i år. Grunnen er krigen i Ukraina. 

FORDELING AV FLYKTNINGENE: Denne grafikken viser regjeringens anmodning til fylkesvis fordeling av flyktningene fra Ukraina. (Kilde: UDI. OBM Grafikk)

Gjensidige og JBF Bank og Forsikring er av forsikringsselskap som no har gått ut og sagt at dei utvidar vilkåra for innbuforsikring til norske kundar som tek imot ukrainske flyktningar i heimane sine. Dermed inkluderer innbuforsikringa også ukrainarane som bur i husstanden. 

Leiar marknad og kommunikasjon i Sparebanken Sogn og Fjordane, Johanne Viken Sandnes melder på spørsmål frå Finansfokus at banken hittil ikkje har hatt veldig stor pågang frå ukrainarar som er komne til Norge. 

– Dei får tildelt D-nummer ved registrering på nasjonale mottak som vil gje grunnlag for å etablere seg i ein bank og få tilgang til basis banktenester hos oss, og vi legg opp til å handtere desse på ein rask og effektiv måte og vi vil i størst mogleg grad gi dei prioritet slik at dei får tilgong til banktenestene dei treng, seier i Sparebanken Sogn og Fjordane. 

KAN VÆRE UTFORDRANDE 

Senior kommunikasjonsrådgivar Ernst Larsen i Skattedirektoratet seier Skatteetaten saman Udi og andre rekvirentar av d-nummer har søkelys på at det raskt, effektivt og korrekt blir tildelt identifikasjonsnummer til dei som har behov for det. 

– Dette arbeidet har som følge av situasjonen i Ukraina/Russland ekstra merksemd. Rekvirering av d-nummer skjer i all hovudsak elektronisk og tildeling skjer straks etter at rekvirenten har sendt inn. Saker som av ulike grunnar fell ut til manuell behandling blir følgt opp av våre sakshandsamarar, melder Larsen som svar på spørsmål frå Finansfokus. 

Vi er kjent med at det kan være utfordrande å få tildelt Bank-ID på eit d-nummer

Ernst Larsen, Skattedirektoratet

Ifølge han er det opp  til dei ulike konsumentane korleis dei vel å stille seg til f.eks. eit d-nummer.  

– Vi er kjent med at det kan være utfordrande å få tildelt Bank-ID på eit d-nummer, men dette er noko den enkelte konsument må vurdere, avsluttar Ernst Larsen. 

VIA POLEN OG UNGARN 

Tilbake i Selje fortel flyktningeverten Hamre at ukrainarane som bur hjå han ynskjer å klare seg sjølv. Då vi snakka med han, var dei på norskkurs.  

– Alle som bur hjå meg har biometrisk pass, det gjer det lettare samanlikna med andre som ikkje har pass. Med d-nummeret på plass kan dei både gå på skule, jobbe og få norsk konto. Dei ynskjer å vere sjølvhjelpte.  

STERK URO: Viktorija og Tetiana er fortvila over det som har skjedd, og fryktar for kva framtida vil bringe for Ukraina. (FOTO: BJØRN ERIK DRABLØS/Fjordenes Tidende) 

Av dei 12 ukrainarane Hamre har teke imot, er sju born i alderen fem til 15 år. Han var førebudd på å køyre til grensa i Polen og hente kjærasten, gutane og tre vener som kom først. Men han fortel at dei til slutt fekk skyss med buss til Warszawa der dei kom seg på eit fly til Torp i Sandefjord.  

– Eg henta tre til på Vigra flyplass i Ålesund, dei kom via Ungarn. Dei tre siste henta eg også på Vigra, dei kom via Polen. 

IKKJE TILBOD OM HJELP 

På spørsmål om han synes opplegget frå norske myndigheiter har vore godt nok, svarer Hamre: 

– Dei forstår det er byråkrati, og dei var førespegla at det ville ta ei stund. Men så langt har ingen frå norske myndigheiter tilbode hjelp. 

I ein reportasje i lokalavisa Fjordenes Tidende seier Tetiana Paschenko at flyktningane er audmjuke over å få kome til Norge. 

– Vi er takknemlege for alt det norske folk kan tilby oss. Men vi ønsker også å vere til nytte for samfunnet her, seier Paschenko. 

FAKTA: ID-NUMMER 

Det finst to typar identitetsnummer i Noreg: fødselsnummer og d-nummer. Kva identitetsnummer du som utanlandsk person får, avheng av kva opphaldsløyve du har og kor lenge du har tenkt å vere i Noreg. Du kan ha behov for d-nummer viss du for eksempel skal jobbe eller drive næringsverksemd, er asylsøkjar eller person med anna gyldig opphaldsløyve, mottek trygd, er styremedlem i eit føretak, eig bustad eller skal opne bankkonto. 

Kilde: Skatteetaten.no