BETRE DATA: – Veldig mange selskap, både i finans og andre sektorar, treng betre data for å kunne vurdere kva grep dei skal gjere for å redusere klimaavtrykket sitt, seier Magnus Young. (Foto: Aksel Jermstad / PwC)  

– Mangelfullt datagrunnlag gjer klimakutt utfordrande

Sjølv om berre éi norsk finansbedrift kuttar utslepp i tråd med Paris-avtalen, er innsatsviljen blant norske finansbedrifter stor, meiner direktør Magnus Young i PwC.  

Tekst: Silje Pileberg  

– Vi opplever at finansnæringa ønskjer å føre an i utviklinga med utsleppskutt. Engasjementet er stort, og mange spør oss om korleis dei skal gå fram, seier Magnus Young.  

Han er direktør i firmaet PwC som gjev ein årleg klimaindeks for Noregs hundre største bedrifter. I siste klimaindeks er det berre éi norsk finansbedrift som får toppskår: Storebrand utmerka seg ved å ha  

  • open rapportering om klimagassutslepp minst tre år bakover i tid  
  • klimarapportering av god kvalitet med spesifiserte utsleppskjelder  
  • eit klimarekneskap som inkluderer vesentlege kjelder til indirekte utslepp  
  • utsleppskutt i takt med forventningar frå Paris-avtalen siste tre år 

Young understrekar at enkelte selskap har betra rapporteringa, og at det då ikkje er lett å samanlikne oppdaterte tal med historiske tal. 

– Det betyr at det kan vere fleire som kuttar utsleppa, enn vi fangar opp.  

STORE BANKAR MIDT PÅ TREET 

Selskap som DNB, SpareBank 1 SR-Bank og Sparebanken Vest hamna i midt-kategorien med god og årleg rapportering av klimagassutslepp, men likevel manglar: anten ved at dei ikkje har fullstendig rapportering av indirekte utslepp, eller ved at dei ikkje kan vise til utsleppkutt.  

Samtidig tydar indeksen på at stadig fleire bedrifter har opne klimarekneskap.  

– Men veldig mange selskap, både i finans og andre sektorar, treng betre data for å kunne vurdere kva grep dei skal gjere for å redusere klimaavtrykket sitt.  

UTFORDRINGAR FOR BANKAR  

99,97 prosent av utsleppa i finanssektoren er indirekte. Desse utsleppa skjer altså i selskap bedriftene investerer i eller låner ut pengar til.  

– Investerer du i børsnoterte selskap, kan du vanlegvis kjøpe data om klimagassutslepp frå store datatenester som Bloomberg. Men er du ein vanleg norsk sparebank, er ein stor del av utlåna til privatkundar eller små bedrifter. Då er det langt vanskelegare å kartleggje utsleppa, seier Young.  

Manglande oversikt over indirekte utslepp er ein viktig grunn til at norske bankar ikkje får toppskår i PwCs klimaindeks, ifølgje Young.

  

TAKTSKIFTE I DNB 

Også DNB har ein veg å gå, ifølgje PwC. Banken rapporterer på indirekte utslepp i fondsporteføljen sin. Men fordi årsrapporten ikkje inneheld utsleppsdata frå utlånsporteføljen, meiner PwC at banken ikkje har gitt ei oversikt over alle vesentlege utsleppskjelder.  

Gine Wang-Reese, direktør for samfunn og bærekraft, viser til at DNB dei siste fire åra har fått beste karakter av organisasjonen CDP, som vurderer globale selskap si klimarapportering. 

Ho peikar også på at DNB oppdaterte berekraftstrategien sin i juni med ein nullutsleppsvisjon for 2050 og konkrete delmål for 2030.  

VIL SPØRJE OM KLIMASTRATEGIEN 

– Kundane vil merke eit taktskifte framover. Innan 2030 skal vi finansiere og leggje til rette for berekraftige aktivitetar til en verdi av 1 500 milliardar kroner, mellom anna gjennom berekraftige lån og obligasjonar. Vi vil også vidareutvikle berekraftige finansieringsprodukt.   

  Dette er på agendaen til dei fleste store selskap no, både innan finans og andre bransjar

Karin Greve-Isdahl

Ifølgje Wang-Reese har DNB lenge hatt dialog med karbonintensive kundar om korleis ein i fellesskap skal nå Paris-avtalens målsetjingar, men klimakrava kjem til å bli enda strengare – særleg til denne typen kundar.    

– Søkjer ei bedrift om lån, vil vi stille spørsmål, formulere forventningar og omsetje dette til krav for at kundane skal oppnå gode vilkår hos oss. Dialog vil vere hovudvegen, men i ytste konsekvens vil vi avslå lånesøknader frå bedrifter som ikkje tar klima på alvor.  

– NÆRINGA SKAL BLI EIT OMSTILLINGSVERKTØY 

Karin Greve-Isdahl, konserndirektør for bærekraft, næringspolitikk og kommunikasjon i Storebrand, deler Youngs inntrykk av at finansbransjen ønskjer å leie an i reduksjonen av klimagassutslepp.  

– Bransjen vår blir hardt treft av klimaendringane. Vi må heile tida vurdere kundars risiko for å tape pengar ved å vere investert i selskap som ikkje omstiller seg. Vi opplever også stor velvilje blant selskapa vi investerer i. Dette er på agendaen til dei fleste store selskap no, både innan finans og andre bransjar, seier ho.  

JOBBAR BREITT: Storebrand jobbar for utsleppskutt både gjennom store, globale alliansar og gjennom direkte kontakt med selskap dei investerer i, ifølgje Karin Greve-Isdahl, konserndirektør for bærekraft, næringspolitikk og kommunikasjon. 

Nanna Ringstad, fagansvarleg for berekraft i Finansforbundet, påpeikar at EU er i ferd med å endre finansnæringa: Ho skal bli eit omstillingsverktøy for eit meir berekraftig næringsliv.  

– Framover vil vi tydelegare sjå kor godt posisjonerte selskap er og kva omstillingar dei må gjennom. Vi vil få betre og meir samanliknbar informasjon om selskap og dermed ei betre oversikt over indirekte utslepp. Dette er etterspurt kunnskap frå både eigarar, investorar og kundar, seier Ringstad.   

Ho påpeikar at det i dag truleg er enklare å stille krav til selskap ein investerer i enn til utlånskundar.  

– Men dette er i ferd med å endre seg. Også på finansieringssia signaliserer fleire store finansaktørar at dei framover vil stille krav til bedriftskundane sitt berekraftsarbeid.